Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Melshornet

Date:
23.10.2013
Map    

Trolledalsegga

Date:
22.10.2013
Map     5 comments

Eggene, Matøskja og Merket

Date:
21.10.2013

Kjørte fv 651 langs sørsida av Austefjorden og ved Høydalen kjørte eg opp til Øysteberget og så på bomveg (50 kr) opp mot Lauvhaugsætra. Derfra går det T-merka sti over Blåfjellet til Matøskja. På turen sørover var eg oppom Eggene som ligger aust for stien. På Matøskja er det mange småvarder og et utsiktsbord med dreiepil mot toppane ein ser langs synsranda. Gjekk ned igjen over Harpehornet og på vestsida av Grøndalsvatnet til Merket og så austover ned til nordsida av Nykkjedalsvatnet og opp på Neshornet og så sørover til Lauvhaugsætra. Rundtur på 10t korav 8-9t gangtid.

Map    

Eidskyrkja og Sunndalsnipa

Date:
20.10.2013

Mellom Heggjadalen og Osdalen køyrte eg ein bomveg (10 kr) langs nordsida av Grøndalsvatnet til Grøndalsstølen. Herfra gjekk eg i oppgåtte spor i snøen på sti nordvestover forbi Hattemakartjørna og så i lyngterreng opp Lægdene til Stabbefjellet. Så nordover ned i skaret og nordaustover opp den bratte sørvendte fjellsida og så på hovedryggen nordvestover det siste stykket opp til Eidskyrkja. Stor varde på toppen og minst 10 cm nysnø her oppe men såg ingen fotspor i snøen og postkassen var tom så vardeboka var nok teken inn for vinteren. Gjekk så ned den breie søraustryggen til Skarevatnet og tok så fatt på nye snaut 600 hm stigning opp sørvestryggen til Sunndalsnipa. Varde på toppen og det var fleire småvarder ved nokre utsiktspunkt litt lenger nord. Gjekk ned igjen >>>

Map    

Trollvasstinden og Frøhornet

Date:
19.10.2013

Fra E39 ved Bjørkedalsvatnet var det skilta til Laurdalssætra som var bomveg (30 kr). Parkerte litt aust for sætra og gjekk på en skogsveg nordaustover til Tverrelva. Herfra gjekk eg nordover og kom snart inn på ein god sti opp Sandviksdalen. På ca 700 moh forlot eg stien og gjekk opp til Vassendfjellet, Hyrnene og Bytingstinden og så videre på den litt plundrete eggen bort til Trollvasstinden. Det var bortimot 10 cm nysnø her oppe. Gjekk så videre vestover til 1230-toppen og tilbake igjen i den sørvestvendte fjellsida og kom opp på ryggen igjen sør for Bytingstinden, og videre sørover over Storetuva og ned i skaret og så opp nordvestover til Frøhornet. Herfra sørover litt sikk-sakk nedover på hyller og renner ned til Laurdalen og så på sti og veg ned til Laurdalssætra. >>>

Map    

Løsethornet og Svartdalshornet

Date:
18.10.2013

Frå nordenden av Vasslidvatnet på 350 moh gjekk eg oppover i vestsida av Løsethornet til toppen. Det var nok 6-8 cm nysnø men greit å gå. Gjekk så sørover til vatn 649 i Svartebotnene. Hadde tenktå gå Tverregga opp til Kvanndalshornet, men det såg ut til å vere et særs bratt parti sørvest for Tverregga så derfor denne omgåelsen ned til vatnet og så opp austryggen til Kvanndalshornet og sørover til Svartdalshornet. Gjekk så nordvest og vestover ned til ca 600 moh, og så nordover til Vasslida og ned til sørenden av Vasslidvatnet. Rundtur på 7t korav ca 6t gangtid.

Map    

Helsethornet

Date:
17.10.2013

Frå E39 ved sørenden av Storesætervatnet tok eg av på bomvegen (30 kr) Tuavegen opp Fladalen. God parkeringsplass i enden av vegen ikkje så langt frå Movatnet. Herfrå er det visstnok T-merka sti opp til Helsethornet/ Tua. Fulgte stien et stykke men da det gjekk nedover langs høgspenttraseen mot Movatnet rekna eg med eg var på villspor. Denne ettermiddagen var det snøbøyer og snøen la seg ned til 3-400 moh og pga snøen var stien vanskelig å sjå. Lågt skydekke gjorde det i tillegg vanskelig å orientere meg så eg gjekk bare min eigen veg oppover Skåldalen og kom meg opp til 873-toppen. Herfa drog eg kjensel på Ramnegrøvatnet i nord så då forstod eg ialfall kor eg var. Måtte gå eit stykke ned igjen før eg fortsatte vestover forbi fleire knauser og fekk så auge på toppen >>>

Map    

Snøfjellet og Dunheia

Date:
16.10.2013

Frå E39 ein snau km vest for Breim tok eg av mot Øvreset, og så etter ein snau km til tok eg av mot venstre og så etter ein snau km ved skilting til Kålsmyrane svingte eg til høgre på bomveg (30 kr). Eit virvar av vegar oppover og ikkje alt er innteikna på kartet men eg hamna ikkje så langt frå Kvilestøylen der eg parkerte i vegkanten. Herfra gjekk eg i myr og lyngterreng opp til Snøfjellet der det var stor varde på toppen. Så videre vestover ned i Tisthammarskaret på sørsida av Skarvatnet og opp til Dunheia. Var først på et nordlig utsiktspunkt med varde og bok og gjekk så opp på toppområdet der det er mange toppunkt som eg måtte oppom for sikkerhets skuld. På den sørvestre toppen var det en mindre varde med bok som synte mange besøk. Det gjekk en merka sti ned på >>>

Map    

Selda og Bruraknappen

Date:
15.10.2013

Frå fv 615 i Hyen tok eg av sørover mot Gjengedal og kjørte så til Rongkleiv der eg parkerte ved Mjellem & Rongkleiv kraftverk. Det hadde og gått an å kjørt vestover til Rongkleivstøylen på bomveg (20 kr), men eg gjekk heller denne vegen. Ein dryg km frå gardstunet gjekk eg opp ein skogsveg nordover og så på sti over ei myr og forbi vestsida av Rongkleivvatnet. Ifølge turkart "Gloppen" er det sti opp til Selda men stien var mange plasser så utydelig at eg heller gjekk min eigen veg gjennom lyngterreng nordover til Selda. Stor varde på toppen og god utsikt vestover, mens nord og austover låg skyene nedpå ein del av dei høgaste fjella. Var ein tur bortom nordaustkanten der det er utsikt ned til Ommedalsvatnet og Hyefjorden. Gjekk så vestover og kryssa Nipeelva >>>

Map    

Eggjenibba og Storefonn

Date:
14.10.2013

Frå E39 i Våtedalen tok eg av ved Egge og forbi siste garden er det bomveg (30kr) opp Øvredalen. Der bilvegen slutter på ca 540 moh går det merka sti opp til Eggjenibba. Traff på tre stykk som gjekk ned mens eg var på veg opp. Det er fleire klyveparti opp nordeggen og fleire plasser var det lagt ut kjetting. Stor varde på toppen med bok som viser gode besøkstal. Tilnærma skyfri himmel for fjerde dag på rad og stilt og sommarleg temperatur. Gjekk videre på T-merka sti sørover over 1260-toppen og ned til nordsida av Støylsvatnet. Herfra går den merka stien nordover tilbake til Eggjestøylen, men eg gjekk austover opp til vestenden av Trollebottsvatnet på en sti som eg etter kvart forsvant for meg. Fra Trollebottsvatnet gjekk eg nord og nordaustover mot Storefonnskaret der eg var >>>

Map