Archive - Date
Archive - Activity
-
Ski trip (25)
- Backcountry skiing (25)
- Trip by foot (48)
Peakbook-Friends
Collected lists
- Gjesdal ≥ 100m pf.
- 2000m 50m pf. fastlandet
- 2000m 30m pf. fastlandet
- Hordaland ≥ 500m pf.
- 2000m 10m pf. fastlandet
- Rogaland ≥ 250m pf.
- Forsand ≥ 100m pf.
- Rogaland ≥ 100m pf.
- Gjesdal 50m pf
- Sandnes 50m pf
- Hjelmeland ≥ 100m pf.
- Suldal ≥ 100m pf.
- Oppland ≥ 500m pf.
- Haugalandet >=100m pf.
- Odda ≥ 100m pf.
- 1800m ≥ 100m pf. fastlandet
- Norske kremtopper av E.W.T
- Sirdal ≥ 100m pf.
- Sør-Norge >500m pf
- Bjerkreim 50m pf
Favourite peaks
Travers over Storbua
- Date:
- 31.08.2014
Gjekk frå Pusken på merka sti langs nordsida av elva oppover mot Dyrdalen. Litt nedanfor skoggrensa går det faktisk ein merka sti som tek av opp til Dyrdalstinden. Traff på fleire folk på veg ned som kun hadde vore på Dyrdalstinden. Vardebok på toppen og her såg eg at kjentfolk hadde vore på ferde dagen før. Fortsatte på eggen som smalner av videre nordover over Trollbotntiden men så på brei rygg oppover til Månvasstinden og så vestover til Storbua, Kvasstinden og Sandfjellet som er høgaste topp i Vestnes kommune. Godt besøkt topp dette ifølge vardeboka. Gjekk så ryggen ned sørvestover over Kvasstinden 1060 og ned i Jolbotn og så på god sti tilbake til Pusken. Totalt 12t rundtur, men med lange pauser på toppane i flotte seinsommarveret.
Overøystolen og Auskjeret
- Date:
- 30.08.2014
Frå Fv 650 mellom Liabygda og Stordal svingte eg av til Overøye. Ca 1 km nord for skitrekket er det ei ferist der elva Fremstegrova renner under vegen. Snaut 50 m nord for ferista er det ein merka, men stedvis utydelig sti opp til Fremste Overøybotnen. Her var det mykkje båbær som eg fråtsa i meg ein del av. Videre gjekk eg over ura nordover og så vestover opp til toppen. Liten varde her men flott utsikt likevel. Fulgte så ryggen sørover over Kollen og opp den særs bratte nordsida til Auskjeret. Var innstilt på å måtte gå rundt i vestsida for å koma meg opp, men det gjekk greit å klyve opp på mosegrodd stein. Fleire småvarder på topplatået og ved den sørvestlige varden var det boks men utan bok. Gjekk ned over Sandfjellet og austover ned mot skitrekket som eg fulgte ned >>>
Storhornet og Leirvasshornet
- Date:
- 29.08.2014
Fra Rødsetstølen i Strandamoldskreddalen sykla eg ned til Mesætra der eg gjekk over bru over Moldskreddøla på stedvis utydelig sti opp gjennom bjørkeskogen. Over skogen gjekk eg opp sørsida til Storhornet. Varde med bok her og flott utsikt over til Stranda. Fulgte så god sti ned til Samfunnskaret. Her er det merka sti opp frå Habostadsætra. Eg gjekk derimot videre sørover på austsida av Pottdalsvatnet og så vestover på sørsida av vatnet og i underkant av nokre brear som går ned til ca 1100 moh. To av breane er ikkje innteikna på kartet. Kom meg så over til vestsida av Leirvasshornet og derfrå greit til topps. Nordaustryggen til Leirvasshorent har eit styggbratt parti som eg ikkje tok sjansen på å gå opp. På det austvendte topplatået er det ein bre som heller ikkje synes >>>
Smørskredtindane
- Date:
- 28.08.2014
Frå Rødsetstølen i Strandamoldskreddalen gjekk eg sørvestover til det høgaste punktet på 850 moh i Tverrdalen. Herfrå bratt opp fjellsida mot breen aust for Smørskredtindane. Breen blei først synlig da eg var mest oppe ved den og gjekk langs sørsida av breen og over en morenehaug og så opp dei siste 250 hm i den austvendte fjellsida. Var enkelte småvarder som viste nokonlunde veg oppover. Var først på hovedtoppen der eg hadde ein lengre pause for å nyta utsikten. Det låg ein orange røyrstubbe i eit hol atmed varden. Inni denne var det bøker med protokoll fra 1992. Bøkene var blaute men alikevel i overraskande god stand. Dei burde likevel vore mykje betre oppbevart i tuppervareboks oppi arkeoplanboks så dei ikkje verte blaute. Etter å ha skreve meg inn i boka gjekk eg så >>>
Rinddalshyrna og nabotopper
- Date:
- 27.08.2014
Sykla frå Vollset på Flofjellsvegen til Øvre Flosætra. Herfra gjekk eg oppover gjennom bjørkeskogen på sørsida av Rinddøla og opp ryggen over Skjorahyrna opp til den (fortsatt) delvis bredekte toppen på Vasstekehyrna. Så ein liten brepassasje nordover og så opp den bratte sørryggen til Rinddalshyrna. Står varder her på vestsida av toppunktet. Gjekk så austover og over 1452-topen og videre nordover ned til sadelen aust for Rinddalsvatnet. Her gjekk eg på skrå ned mot nordsida av vatnet. Det var fleire blaute svaberg eg måtte omgå og ein del plagsom vegetasjon langs vatnet men det blei betre å gå lenger vestover. Gjekk på nordsida av Rinddøla og igjennom skogen ned til Øvre Flosætra og sykla tilbake til Vollset.