Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Jønneberghøgda

Date:
31.10.2014
Map    

Ordalssåta og Grønlidfjellet

Date:
30.10.2014
Map    

Nattetur på Lifjell

Date:
29.10.2014
Map    

Bryggefjellnuten og Blåfjell

Date:
28.10.2014
Map    

Rustfjellet

Date:
26.10.2014
Map    

Voren og Kolfjellet

Date:
05.10.2014
Map    

Rundtur over Rødalshøa

Date:
03.10.2014

Fra rv 3 vest for Tynset kjørte eg av til Savalen og i nordenden av vatnet er det en bom som tar kort (70 kr) som eg kjørte mot Mogardssætra. Langs vegen er det skilta sti til Fjellenghøa og Håmmårhøa på nordsida og til Bangardsvorda på sørsida. Eg gjekk herfra på førstnevnte sti og så videre vestover til Rødalshøa. Sterk sønnavind denne dagen og det var vanskelig å fote seg på toppen. Stor varde med bok her. Gjekk ned sørover på vest- og sørsida av Store Rødalskvolvet til Sandvikkletten og videre austover til Bangardsvola og så på stien siste stykket ned til Mogardssætra. Rundtur på ca 6t, men sein avgang gjorde at det blei mørkt på siste del av turen.

Map    

Forollhogna

Date:
02.10.2014

Fra Dalsbygda i Os går det sjølbetjent bomveg (60 kr) oppover Vangrøftdalen som eg kjørte til Såttåhaugen. Derfra sykla eg på den dårlige traktorvegen oppover mot Forollsjøen. Stedvis smale og djupe spor som gjer det krevjande å sykla. Gjekk så oppover sørryggen til Forollhogna på god sti. Traff her først 2 stk og så 3 stk til som var på veg ned. På toppen traff eg ein til som hadde sprunge opp frå Bakksætra. Ganske klar sikt denne dagen men litt disig langs horisonten i vest. Gjekk et par km videre nordover på stien som går opp fra Bakksætra og var oppom Storsalen før eg returnerte langs vestsida av Forollsjøen og sykla tilbake til Såttåhaugen. Ca 8t, korav minst 1t pause på Forollhogna.

Map     2 comments

Flenskampan og Buhøgda

Date:
01.10.2014

Frå Fv 26 i Tufsingdalen er det skilta til Grådalsvegen som går nordover mot Røros. Denne vegen kjørte eg et lite stykke til der det er skilta T-sti til Langen og Femundshytta. Fulgte stien mot Langen som går via Røtjønna og Stortjønn forbi Flenskampan. Var først oppom Vestre og Midtre før hovedtoppen og så videre til Austre. Halvskya disig ver og aukande sønnavind utover dagen. Herfra tilbake til austenden av Røtjønna og over Nordre til Søndre Buhøgda. Så nordvestover og inn på stien mot Femundshytta som eg fulgte tilbake til utgangspuktet. Ca 9t.

Map