Archive - Date
Archive - Activity
-
Ski trip (25)
- Backcountry skiing (25)
- Trip by foot (48)
Peakbook-Friends
Collected lists
- Gjesdal ≥ 100m pf.
- 2000m 50m pf. fastlandet
- 2000m 30m pf. fastlandet
- Hordaland ≥ 500m pf.
- 2000m 10m pf. fastlandet
- Rogaland ≥ 250m pf.
- Forsand ≥ 100m pf.
- Rogaland ≥ 100m pf.
- Gjesdal 50m pf
- Sandnes 50m pf
- Hjelmeland ≥ 100m pf.
- Suldal ≥ 100m pf.
- Oppland ≥ 500m pf.
- Haugalandet >=100m pf.
- Odda ≥ 100m pf.
- 1800m ≥ 100m pf. fastlandet
- Norske kremtopper av E.W.T
- Sirdal ≥ 100m pf.
- Sør-Norge >500m pf
- Bjerkreim 50m pf
Favourite peaks
Oddedalsknuten og Dyrdalsknuten
- Date:
- 27.03.2015
Gjekk på ski frå Eigelandsdalen. Godt med snø heilt frå vegen på drøyt 300 moh. Over 600 moh var snøen så hard at eg heller bar skia på resten av turen. Var først på Oddedalsknuten og la skia igjen i Dyrdalen og gjekk opp og ned den bratte sørsida til Dyrdalsknuten der det var soltint snø. Så opp og ned nordsida til Stølsdalsfjellet. Deretter over Bessevatnet til Slettheia, Ørnehedlaren og Almefjellet. Veldig bratt på vestsida av Ørnehedlaren men fant ei renne å gå ned og kløyv opp igjen i sørsida etter at eg hadde vore på Almefjellet. Gjekk ned langs vestsida av Bessåna til Gystøl og så 2 km langs rv 42 tilbake til utgangspunktet. Det var periodevis sol og frisk bris frå nordvest denne ettermiddagen.
Høgafjellet og Hikletten
- Date:
- 18.03.2015
Eg og Knut Sverre reiste i kvar vår bil frå Bergen til Osterøy og eg parkerte ved Båtaleitet siden eg skulle på Bruviknipa etterpå. Sat på med Knut Sverre det siste stykket inn til Blomdalsleitet i Lonadalen. Me traff på eit par karar som fortalde at det var merka sti gjennom skogen frå bommen, og det viste seg å halde stikk. Me måtte bære skia opp til snaut 400 moh og derfra var det godt med snø og føret var greit siden det var så mildt. Ingen panserskare denne dagen. Det klarna opp ein periode mens me var på veg oppover, men det skya selvfølgelig til igjen før me nådde Høgafjellet. Ganske disig og dårlig utsikt så me hadde bare ein kort matpause og skreiv oss inn i vardeprotokollen før me rant ned sørover. Unna oss Hikletten som bonustopp der me gjekk opp og ned den >>>
Hauggjelsvarden, Løvstakken og Knappen
- Date:
- 17.03.2015
Var med Knut Sverre på rundtur over det vide platået mellom Hauggjelsvarden og Ulriken. Me gjekk frå Brattland på austsida. Fint å gå til fots på det som var igjen av snø. Seinare tok me ein kveldstur til Løvstakken. Der traff me på "Uncas" så det blei et aldri så lite peakbooktreff. Etter en kort hyggelig prat gjekk han ned mens me gjekk videre oppover. Ganske folksomt på Løvstakken i denne skumringstimen. Til avslutning denne kvelden tok eg ein tur aleine til Knappen. Etter ein god middag hjå Astrid og Knut Sverre tok meg og Knut Sverre ein kveldstur til Løvstakken. På veg opp traff me på PB-bruker "Uncas" som var på veg ned, Så det blei et aldri så lite Peakbooktreff. Etter ein kort hyggelig prat gjekk me videre kvar vår veg. Ganske folksomt på løvstakken >>>
På Bergens tak
- Date:
- 15.03.2015
Gjekk frå parkeringsplassen i Hausdalen på grusvegen oppover mot Brekkedalen. Rett etter Tverrelva går det sti oppover sørryggen til Søre Gullfjelltoppen som eg fulgte. Bar skia et stykke men tok dei på over ca 400 moh. Gjekk så videre nordover til Gullfjelltoppen der det var ganske folksomt denne sundagen. Tok ei litt meir vestlig rute ned og la turen over Gullfjellet og forbi Redningshytta og så opp til Austefjellet og Hausdalshorga og ned til Hausdalen igjen. Minka på snøen i sørhellinga og tok av skia på ca 600 moh.