Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Ruafjødd

Date:
30.10.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:28h
Distance:
14.9km

Gjekk på sti til utsiktspunkt til Gloppefossen. Vidare vestover forsvant gradvis stien så eg forsatte mot Ruafjødd stilaust i myr- og skogsterreng. Gjekk ned nordaustover til Gjuv som er ein gammal støl. Vidare austover skal det visstnok vera grei skogsstil til Brakamo, men eg vart forvirra av diverse dyretråkk så eg hamna inn på Fv 450 litt nord for Brakamo. Så fortsatte eg litt nedover mot Setesdalen for å ta med et par mindre skogstopper i måneskin og lommelykt. Til Brokkås er det merka sti med plastreflekser i trærne, men stedvis litt manglande merking. Mobilmast på den toppen.

Map    

Ljomsnuten og Vasslandsnuten

Date:
18.10.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
9:42h
Distance:
28.0km

Hadde med sykkel på Tveitebøvegen og Fjøddevegen til eg kom til låst bom på ca 400 moh der eg la frå meg sykkelen. God Skogsveg vidare opp til ca 980 moh, men stien til Valefjell går stedvis utanom vegen. Vidare merka sti aust- og sørover til Ljomsnuten. Flott utsikt til bl.a Gaustatoppen frå begge desse toppane. Fulgte sti vidare sørover et stykke, og så stilaust over Beinleiheii og Ørnefjødd og ned til sørenden av Vasslandsvatnet. Ifølge kartet er det sti opp søraustryggen til Vasslandsnuten, men den var stedvis lite synlig. Så over Luseskardheii og ned til Stavestøyl. Derfrå på både skogsveg og skogssti tilbake til utgangspunktet. Ein del nordlys denne kvelden. Turen blei lenger enn eg trudde, og eg kunne ha spart både km og hm med å heller gått frå Brottveit.

Map    

Stol

Date:
17.10.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:12h
Distance:
11.5km

Fulgte merka sti til Einang. Mulig å parkere nede ved riksvegen, men ingen tilrettelagt p-plass. God skogsveg oppover det første stykket og etter kvart fin skogssti. Litt begrensa utsikt frå toppen av Einang pga skog. Merka sti også vidare over Homfjell til Stol. Eit bratt klyvepunkt måtte forseres på veg til Stol. Ned igjen er det merka sti austover til Laugardalstjørni. Så på bratt god skogsveg ned sørover til Homme der eg hadde sykkel.

Map    

Svartevassknuten frå Maudal

Date:
25.04.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:27h
Distance:
18.2km

Parkerte ved bommen nedanfor kraftverket, og sykla derfrå ned til Nedre Maudal der eg begynte fotturen. Fulgte traktorveg mot Maudalsbrekka og såg ikkje kor stien tok av. Trudde den var godt skilta. Greit nok å gå opp på austsida av bekkegjelet sjøl om det sikkert er mykje betre å følge stien på vestsida. Kom meg opp på Bjørnaknuten, og gjekk vidare austover. Det er sti langs nordsida av Stølsvatna som eg fulgte eit stykke før eg gjekk mellom vatna og opp vestryggen til Svartevassknuten. Gjekk så ein runde over fleire navnlause topper til Krogeknuten og ned den særs bratte sørvestryggen. På ca 720 moh måtte eg klatre ca 5 hm ned eit bratt bekkegjel så vil ikkje anbefale å gå ned der. Vidare greit over 753-toppen og ned til anleggsvegen mellom Myrtjørna og kraftverket.

Map    

Gallhøpiggane og Hallbrekknuten

Date:
19.04.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:32h
Distance:
13.9km

Parkerte på den store p-plassen ved Røde Kors-hytta på Øvstabøstølen. Sykla derfrå ca 8 km ned til Øvstabø der eg begynte fotturen. Gjekk gjennom gardstunet og så på god sti nokså bratt opp Øvstabøbrekka. Så vidare nordaustover uten sti over Daurmålknuten, Vimånibbene og Liloknuten. Mellom Vimånibbene og Liloknuten er det ein karakteristisk Preikestol-lignande knaus med flott utsikt ned i Øvstabødalen. 786-toppen der kallast på lokalnamn.no for Vimmanibane. Vidare austover til Gallhøpiggane, Midtstølknuten og Hallbrekknuten. Så ned langs Nonsbekken til Øvstabøstølen. Det går sti høgare oppe i terrenget, men greit å gå stilaust tidlig på våren med lite vegetasjon. Det aller meste av snøen var forsvunnet, så kun snøfenner igjen.

Map    

Hesteholknuten

Date:
08.04.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:10h
Distance:
13.0km

Det var anleggsarbeid ved Kilen dam, men eg parkerte i vegkanten et stykke nedanfor. Sykla derfrå ned til Kvæven der eg gjekk opp på Kvæveheia og vidare nordover via den eine steindemningen på Valevatn til Hellarknuten, Hesteholknuten, Ådnestjødnhei, Bergeheia over Kilen dam og Kvithedlarknuten. Det stod skilt om at det var forbode å gå over demningane, men det var eg ikkje klar over då eg planla turen.

Map    

Reindalsknuten og Sauedalsheii

Date:
06.04.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:54h
Distance:
12.8km

Parkerte ved bommen ved Hønetjødn. Fulgte så merka sti til nordsida av Hønetjødn. Vidare rundtur uten sti til Store Bjødnefjell, Reindalsknuten, Sauedalsheii, Tjødndalsknuten, Svåeheie og Litle Bjødnefjell. Så ned til utgangspunktet igjen. Vekselvis barmark og snø, og snøen var grei å gå på til fots.

Map    

Storbakknuten og Myrfjell

Date:
05.04.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:13h
Distance:
14.6km

Parkerte ved bommen nedanfor kraftverket og hadde med sykkel opp til første hårnålssving. Gjekk på merka sti vidare austover til Gongekroknuten. Vidare uten sti til Storbakknuten og Myrfjell. Vårløysninga var for langt komen til at eg kunne krysse Krokavatnet slik eg hadde tenkt. Fekk derimot teste ut den smale bratte renna i sørvestsida av Myrfjell. Renna er trulig ca 35º bratt med en svak konveks i øvre del. Snøen i renna hadde passelig konsistens til å få godt fotfeste. Isøks var og til god hjelp for å sikre mot utglidning. Etter ein pause på Myrfjell blei det retur ein litt strakare veg ned til anleggsvegen, og kunne då sykle siste stykket ned til bommen.

Map    

Glåmsheii og Pløsa

Date:
15.10.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
10:16h
Distance:
19.3km

Fulgte skogsveg et stykke, og så videre i terrenget til Glåmsheii. Litt snørester over 900 moh, og det auka gradvis til ca 8 cm snø over 1200 moh. Så sørover via nokon sekundærtopper til Pløsa. Var i litt redusert form pga kraftig forkjølelse (muligens det media omtaler som korona) så eg brukte lenger tid enn eg hadde tenkt, og nådde ikkje Pløsa før i blåtimen etter solnedgang. Retur vestover mot Finnstøyl der eg kom inn på skogsvegen eg fulgte ned til utgangspunktet. Siden det var klar månelys kveld brukte eg bare sporadisk lykt.

Map    

Jenafjell og Godliknuten

Date:
23.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
10:03h
Distance:
20.7km

Nedanfor Auklend kjørte eg opp en bratt anleggsveg så er skilta Skinnvegen og Jenafjell. Frå ca 330 moh, der høgspentlinja krysser, fulgte eg merka sti oppover til Jenafjell. Vidare uten sti over Tverrfjellet og ned mot Heimra Brudlitjørna der eg fulgte Skinnvegen nesten til sørenden av Kamsvatnet. Så uten sti via Lahaug til Godliknuten og ned til Heimra Brudlitjørna igjen. Retur på Skinnvegen ned til utgangspunktet. Tok et kveldsbad i en bekkekulp, og satte opp mobilen som lyskilde siden det då var mørkt. Mobilen ramla uti vatnet, og var under i 10-20 sekunder før eg fekk den opp igjen. Etter en times tid begynte mobilen å skape seg og blei varm og deretter livlaus. GPS-sporet gjekk derfor heden. Ellers ikkje stort tap siden det var en eldre brukt mobil eg hadde skaffa via Finn.

Map