Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Brendamønet og nabotopper

Datum:
26.02.2012

Gjekk frå Espetveit nordover langs Nespervatn til Litlaheia og så ned i Kveindalen og opp til Storheia. Her er det to omtrent like høge topper men vesttoppen står oppført med 795m. Gjekk videre til Skarvassknuten, Åhomfjellet, Samloghomfjellet og Brendamønet. Her er det en ca 5m høg stein litt aust for varden som er høgaste punkt, ca 3m høgare enn platået ved varden. Denne steinen var umulig for meg å koma opp på så her trengs en 4m lang stige e.l. Gjekk så sørover til Storehomknuten og vestover til Skeisrinden og så ned til Brekka og kom ned på Rv42 vest for Bjørnestadvatnet. Måtte da gå ca 5km tilbake til Espetveit. Hadde med ski men bar dei mesteparten av tida pga hard snø over 600m. Brukte ca 10t på denne turen.

Karte    

Napuren og nabotopper

Datum:
16.10.2011
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
8:00h

Gjekk på T-stien mot Hovstøl fra Rv 45 vest for Kjønnesvikvatnet. Etter drøyt 3 km forlot eg stien og gjekk opp på Høgsætet. Var først på sørtoppen og så på hovedtoppen ca 400 m lenger nord som i ØK er oppgitt til 1268,1 m. På M711-kartet fra 93 står det 1274. Lettskya ver med flott utsikt, særlig austover mot Gaustatoppen. Gjekk deretter på Draumenuten og så til Napuren som er høgaste topp i Fyresdal. Mykkje dis nå utpå ettermiddagen som reduserte utsikten betraktelig. På tilbaketuren var eg oppom Kaldheimsheii som har vidt topplatå men markert topp.

Karte    

Skitur til Sinneskula

Datum:
15.05.2011
Karte    

Stigesheia

Datum:
23.04.2011
Tourcharakter:
Tourenskilauf

Parkerte på Øvstabøstølen seint på dagen og begynte å gå kl 14.30 opp til Tveitebrekka og derfrå på ski og fulgte løypa mot Tomannsbu til litla Øydevatn. Derfra gjekk eg opp til søre Stigeshei og fulgte ryggen sørvestover over fleire sekundærtopper før eg kom til høgaste topp på 965 moh vest for Seildalane. Det har vore ein fin og varm påske, så det var lite snø mange plasser så eg måtte bære skia en del. Rant ned til vestenden av ytre Stigesvatnet og gjekk nordover og fulgte Nonsbekken ned til Øvstabøstølen.

Karte    

Ørnaheia og Strålausheia

Datum:
16.10.2010

Kjøyrte lysevegen og tok av mot Langavatn og parkerte nedforbi bommen nord for Akslaråtjørna. Gjekk på vegen videre et stykke austover og så opp til Ørnaheia og så til sørausttoppen på 1079. Derfra gjekk eg sørover stort sett langs austbredden av Tjodanvatnet og over den litle betongdemningen i sørenden og opp til Strålausheia. Kom inn på den merka stien mellom Langavatn og Børsteinen og fulgte den forbi Halvfartjørna og gjekk så opp på topp 1111. Derfra videre nordvestover langs Tjodanvatnet og på anlegsvegen de siste 2 km. Bitte litt nysnø over 1000 moh og is på småtjørner. Skya ver men grei sikt denne laurdagen.

Karte    

Ratevassnuten og Steinheii

Datum:
27.06.2010

Gjekk over Djupatjørnnuten og ankom Storsteinen turisthytte kvelden før og overnatta to netter der. Fulgte stien nord for Djupatjørn og videre mot Kringlevatn et stykke og gjekk nord for Sandvatn og så søraustover til Ratevassnuten og så videre nordover til 1402-toppen og så til dei to 1421-toppane. Utsikten var nok best frå NV-toppen. Det var en del snøfenner over 1200 moh. Gjekk så videre vestnordvestover på nordsida av Sandvasshorten og ned til nordsida av Sandvatn tilbake til Storsteinen. Det blei ein lang tur, men det var fint og varmt ver denne sundagen og ein dag gammal fullmåne lågt i sørsøraust om kvelden.

Karte    

Djupatjørnnuten

Datum:
26.06.2010

Kjørte så langt eg kom på vegen vest for Blåsjø og ved kommunegrensa Suldal / Hjelmeland blei det stopp pga store snøfenner som dekka heile vegen. Hadde med sykkel som eg leide gjennom snøen og sykla videre sørover, forbi vegbommen ved fylkesgrensa til Bykle ved Beinlei og vidare til Storevassdammen. La i frå meg sykkelen her og gjekk over Djupatjønnuten og ned til Storsteinen turisthytte for overnatting. Det var nordvest bris, overskya og skoddedotter vestover mens det var klarver austover og fullmåne seint denne lordagskvelden. Dagen etter blei det tur til Ratevassnuten og Steinheii .

Karte    

Kaldafjellet og Skoranutane

Datum:
09.05.2010
Tourcharakter:
Tourenskilauf

Hadde overnatta på Krossvatn turisthytte etter turen til Over Snønuten til Krossvatn dagen før. Etter frokost på hytta fulgte eg kvistaløypa nord og nordaustover over Kringlevatnet og Midtvatnet, og så opp på Kaldafjellet's to topper på hhv 1480 og 1452 m. 1452-toppen er grensetopp til Bykle i Aust-Agder. Kryssa så Kaldevatn og gjekk opp på Heggeitlebrekkenuten og Skoranutane. Rant ned i Salttjørndalen og vidare nordvestover til Mosvatnet til det tok slutt på skiføret, og så siste stykket til fots med skia i hendene. Reiste heim om kvelden etter ei flott helg på vårskitur i i ndre Suldal.

Karte    

Skitur over Strålaus

Datum:
02.05.2010
Karte    

Skitur til Stutaheia

Datum:
14.03.2010
Tourcharakter:
Langlauf

Gjekk på nyinnkjøpte brukte langrennski fra Høgaleitet i Hunnedalen og fulgte kvista løype mot Blåfjellenden, men ved Leitesvatnet dreide eg nordaustover og gjekk mot Sandvatn. I austenden av Svartavatnet dreide eg sørover og gjekk opp på Stutaheia. Derfra gjekk eg sørvestover og ned til vestenden av Øyarvatnet og fulgte kvista løype tilbake til Høgaleitet. Denne dagen var det vekslande skydekke og sol av og til og nordvest frisk bris. Dette var ein test av skia det var meininga å bruke på Sesilåmi helga etter, men Sesilåmi blei dessverre avlyst pga sterk vind og overvatn i løypene.

Karte