Archive - Date
Archive - Activity
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Other trip (2)
- Expedition (2)
-
Ski trip (99)
- Backcountry skiing (31)
- Cross-country skiing (59)
- Trip by foot (218)
Min første topp (og 2000-meter) i Jotunheimen
- Date:
- 21.04.2012
- Characteristic:
- Ski trip
- Duration:
- 7:40h
- Distance:
- 19.6km
Inntil denne dagen hadde eg besøkt 263 registrerte toppar. Utruleg nok er ingen av desse toppane i Jotunheimen! Dette skulle endre seg denne dagen. Då var det nemlig duka for topptur på ski i Jotunheimen. Med på turen var Svein Thore, Einar og Kjetil. Morgonfriske som vi er, starta vi klokka 5.30 frå Lillehammer og køyrde mot Valdresflya. Vi starta klokka 0830 med å gå. Fine snøforhold med nysnø og med 1-2 meter snø. Vi starta i skodde og lett snøver, men etterkvart kom sola meir og meir fram. På toppen hadde vi fint ver og vindstille (!). Det var vi som fekk æra av å lage skiløype mot toppen. På turen nedover møtte vi fleire fornøgde turskigåarar, som i tillegg var svært så nøgd med å få gå i ferdig tillaga skispor! Cirka klokka 1630 var vi nede ved bilen att, og >>>
Skardhøa
- Date:
- 05.04.2012
- Duration:
- 3:32h
- Distance:
- 12.8km
Dette skulle eigentleg bli ein tur til Høgkletten . Men pga ubrøyta skogsveg/fjellveg vart det heller ein tur til Skardhøa . Turen starta frå Mjovassdalen (780 m.o.h.). Det var lite snø i fjellet her. Eg måtte ta av skia enkelte stader, men elles var det godt skiføre med skaresnø med eit tynt lag nysnø/fuktig snø oppå dei fleste stader. Ein fin tur som kan anbefalast for dei som vil ha ein topptur og ikkje er avhengig av altfor bratte hellingar. Eg vil anbefale ruta eg gjekk oppover, men ikkje ruta eg gjekk nedover (sjå GPS-spor som snart blir vedlagt). Ruta eg gjekk/rente nedover, enda nede i eit dalsøkk der eg måtte gå bratt opp att nokre titals høgdemeter pga bratt terreng ned mot elv i dalbotnen.