Archive - Date
Archive - Activity
Peakbook-Friends
So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.
Påsketur til Stabben (1018 moh) i Ørsta kommune
- Date:
- 23.03.2016
Onsdag 23. mars 2016, kom endeleg påskeveret til Sunnmøre! Stabben (1018 moh) i Ørsta kommune er eit lite brukt skifjell, så vi bestemte oss for å legge turen hit på denne dagen, då sikkert "alle" andre også hadde tenkt seg på tur. I år var snøforholda perfekte til å gå på dette fjellet, snøen hadde vorte grovkorna heilt gjennom pga mildveret i veka før. Dei siste dagane hadde nattefrosten gjort dette til eit hardt og fint underlag og nokre få cm styresnø hadde lagt seg fint på toppen! Nedkøyringa frå toppen var fantastisk! Men, vi var for opptekne av skikøyringa til at vi fekk med oss bilder av dette ...