Tur til Skorve (Gøysen) (04.09.2014)
Skrevet av Imke (Imke Jurgens)
Bestigninger | Skorvetoppen (1370moh) | 04.09.2014 |
---|
Skulle endeleg få koma meg til Skorve igjen - siste gong var hausten 2012, så det var på tide!!
Eg pakka berre lett sekk, og bruka terrengløpesko. Hadde fortsatt vondt i hælen etter ein femdagars pilegrimstur i altfor harde turstøvlar med feil innleggsåle ... :/
Vêret lova bra, solskinn og opp til 20gradar var det meldt, reine sommaren!
Eg går rett frå døra, dvs ved frå 230 m.o.h., og får dermed ein ekstra tur i skogen på ca 50min fram til der stien til Skorve startar.
Så varmt var det at eg faktisk gjekk i singlet og kort løpetights!
Fantastisk!
Første delen synst eg er berre "arbeidsetappe", det er når frå krysset til flyvraket der eg kosar meg virkeleg!
Lukas var også med denne gangen, og var faktisk god drahjelp i nokre av bakkane.
Kva skal eg sei vidare?
Sola skein, og det begynte ikkje å blåse før ein halv time før me kom på toppen. Stien var tørr og fin, og sjølv med dårleg Gore-tex i låge løpesko heldt eg meg tørr på beina.
Nydeleg haustfargar var der, og masse deilege gode søte blåbær og ei handfull molte rett ved stien, stoppar ikkje folk for å plukke molte, tru?
Eg gjekk heimanfrå rundt klokka tolv, og sidan eg var usikker på formen, gav eg meg sjølv tre timar, dvs blei klokka 15 og eg hadde ikkje koma meg på toppen, ville eg rett og slett sjå det an!
(Hugs på at eg har ein ekstra time fram til starten på stien).
Men - toppen blei nådd, rundt kl.14.30.
På toppen blåste det frisk, men det var fortsatt fin temperatur, og ei lang ulltrøye+T-skjorte var faktisk nok for å halde varmen.
Utsikten var fantastisk.
Synd berre at eg hadde mista nista ut av sekken, ellers hadde det nok blitt ein lengre stopp på toppen.
Lukas var litt sliten og la seg ned, han er heller ikkje vant til bratte fjellturar for tida!
Men som han kosar seg på veg ned, og eg gjorde det same.
For ein nydeleg dag å gå på Skorve på!
På veg ned fann eg at nistepakka mi, som hadde ramla ut av sekken på veg opp.
Dagen etter turen blei det bestilt ny sekk og jaggu har den ikkje kome fram i dag, så eg er snart klar for ny tur.
Denne turen skal eg hugse lenge, så heldig som eg har vore med vêret, fantastiske haustfargar, blå himmel med nokre skyer og store søte blåbær langs stien.
Himmelsk! :)
Skorve, we'll be back!
Kommentarer