Dagens 1. tur. Parkerte ved sida av hovudvegen der det er merka Sulgrova og stien til Varghaugen startar. Her er det ok plass til 2-3 bilar. God sti oppover som eg fulgte vestover eit stykke før eg tok av og runda Sulbotn på vestsida. Eit lite parti med tett bjørkeskog oppe i lia, ellers greitt å gå. Oppe i Sulskardet gjekk eg rett opp nokre grasrenner og vidare lett til toppen. Lite besøkt iflg boka i kassa på varden. Skodda som hang nedpå toppane på formiddagen var no bortimot forsvunne og turen vart veldig fin vidare. Frå Sulskardet fulgte eg ei slags renne/hylle litt på sørvestsida av Breidfjellet og kom til toppen frå sør. Vidare snø som eg sprang heilt ned i Breidskardet. Bratt opp her til ryggen på Jamtetind og så lett til toppen. Retur la eg frå Breidskardet og rett sørover ned dalen mot Turhusvatnet. Kom ned på veien omlag der linja kryssar den. Fin og kjapp tur til 3 toppar som ligg på rekke og rad. Naturleg å plukke desse 3 i ein jafs om ein går den som fottur.
Kommentarer