Dei 4 store i Bymarka, med start i sentrum. (25.06.2016)

Skrevet av kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Startsted Ila (8moh)
Sluttsted Ila (7moh)
Turtype Løpetur
Turlengde 3t 58min
Distanse 28,9km
Høydemeter 1789m
GPS
Bestigninger Geitfjellet (416moh) 25.06.2016
Gråkallen (554moh) 25.06.2016
Herbernsheia (459moh) 25.06.2016
Stadsheia (465moh) 25.06.2016
Storheia i Trondheim (565moh) 25.06.2016
Tikneppen (348moh) 25.06.2016
Andre besøkte PBE'er Gråkallen Panorama (547moh) 25.06.2016
Tømmerdalen Parkering (292moh) 25.06.2016

Sidan eg i eit anfall av overmot har meldt meg på fjellmaraton på Oppdal til hausten må eg få nokon lenger turar i beina. Eg hadde sett ut ei løype med start i sentrum, over dei fire fjella i bymarka med pf>100: Geitfjellet, Stadsheia, Storheia og Gråkallen.

God steam opp til Geitfjellet (40min), fann ein grei veg herifrå til Tømmerdalstorget, og vidare til Stadsheia (1:20). Her fekk eg oppklart kvar eg gjekk feil sist eg var her i skoddehavet. Så kom den lange distansen til Storheia, med mykje ned og opp att. På veg opp til Storheia byrja eg å kjenne det i beina. På toppen etter 2:20.

Fint driv mot Gråkallen, og bratt og tungt opp her. Her byrja eg å få sporadisk krampe i leggane. På toppen (eller på utsiktspunktet, strengt tatt, sidan sjølve toppunktet er militært område) etter 2:50.

Veldig fin sti nedover mot Kobberdammen, men no byra eg å få seriøse problem med krampe på baksida av beina, og ved Tømmerdalstorget måtte eg ta ein stopp for å strekke det av meg. Her var det tankar om eg skulle springe bilvegen nedatt.

Men det gjekk greit så lenge eg røyrde meg, så eg valde den orginale planen. Fjellmaratonet avsluttar med nedspringing heile skibakken, og eg ville øve litt på dette. På veg nedatt forbi Våttåkammen gikk det, men seint. Tilbake på bilvegen stramma det seg så eg hadde problemer med å gå riktig. Dette må jo være maraton-distanse!

Det var med ein viss skuffelse eg noterte meg at eg hadde brukt nesten 4 timar på 3 mil. Tilbake i redet vart eg liggande kvalm og kald på sofaen. Living the dream, YOLO og alt det der. Tydelig at tempoet hadde vore litt vel høgt.

Ellers var dette ein innmari fin løpstrassé i variert og nydelig terreng, så det kan anbefalast på det sterkaste! I morga blir det hyttetur, kos og kilo på kilo med grillmat!

Slik det teiknar seg no blir 11. september 2016 ein ny katastrofedag!

Starttidspunkt 25.06.2016 15:09
(UTC+01:00 ST)
Sluttidspunkt 25.06.2016 19:07
(UTC+01:00 ST)
Totaltid 3t 58min
Bevegelsestid 3t 57min
Pausetid 0t 1min
Snittfart totalt 7,3km/t
Snittfart bevegelsestid 7,3km/t
Distanse 28,9km
Høydemeter 1789m

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.