Rauma: Nonstinden, Møre og Romsdal nr 1000! (13.10.2016)
Skrevet av boven (Ove Lotsberg)
Startsted | Parkering Røsta (440moh) |
---|---|
Sluttsted | Parkering Røsta (440moh) |
Turtype | Fjelltur |
Turlengde | 4t 20min |
Distanse | 8,9km |
Høydemeter | 1148m |
GPS |
Bestigninger | Nonstinden (1573moh) | 13.10.2016 |
---|
Låg lenge og drog meg i bilen i dag. Bikkjekaldt, trumaen fekk gå ein time før eg våga meg ut under dyna. Så var det heller ikkje noko superlang tur eg skulle på, så greitt å vente til sola hadde fått tak. Parkerte på Nedre Røsta parkeringsplass. Her var det skilta i alle retningar og infotavle. Skilting til UTEDASS var det og. Fulgte stien mot Stordal/Fokhaugstova mm. No hadde eg heldigvis info frå Lise om stien bak jakthytta. Den var lett og finne, og den tok meg over skoggrensa. Så var det berre å peile seg opp steinura til ryggen og vidare lett til Nonstinden 1573. Nokre få snøflekkar oppover, mot toppen på det flate partiet litt meir snø, men ingen vanskar. Brukte akkurat 2 timar opp. Boka som Palmer Øverland la ut i 2000 var langt frå utskriven. Dette er nok ein flott skitur, ein vårskiklassiker som Geir skriv i kommentarfeltet. Då er imidlertid boka og varden dekka av snø. Men at ikkje fleire går denne som fottur forundrar meg. Kosa meg nesten ein time der oppe før eg returnerte omtrent same ruta. 3 flotte haustferiedagar i Rauma. Årets mål om å nå 1000 ulike pf 100 i Møre og Romsdal i boks.
Kommentarer
Gratulerer med 156 igjen !
Skrevet av Snilen 14.10.2016 12:17Du fikser vel det også.
Gratulerer...
Skrevet av GeirI 14.10.2016 08:56med nr. 1000.
Nonstinden er ein av dei store toppturklassikarane på ski her i distriktet, og er difor mest besøkt i skisesongen. Trafikken er stor, men då er bokkassa nedsnøa :)
Sv: Gratulerer...
Skrevet av boven 14.10.2016 10:47Ja den nedkjøyringa der er nok legendarisk, tenkte på det når eg gjekk oppover.
Grattis!
Skrevet av Nils 14.10.2016 07:19Gratulerer med den, Ove! Det er noen motbakkemeter det, og kalorier forbrent. Er litt mer jobb med det fylket kontra f.eks Østfold, som jeg har nær tilgang til. ;-)
Ja da er det "bare" resten igjen, 156 topper. De tar du senere. :-)
Særdeles
Skrevet av Uncas 13.10.2016 23:03imponerende! Gratulerer med massiv prestasjon og dedikasjon!
Gratulerer!
Skrevet av Freeflex 13.10.2016 22:16Vi bøyer oss i hatten! :)