Langtur og treningstur til Supphellenipa i tidenes ver :) (04.04.2014)

Skrevet av Eikås (Janne Eikås) GSM

Startsted Lyngstad (288moh)
Sluttsted Lyngstad (288moh)
Turtype Fjellskitur
Turlengde 9t 00min
Distanse 43,8km
Høydemeter 2478m
Kart
Bestigninger Nordvest for Almenipa (1648moh) 04.04.2014
Bjørga (1551moh) 04.04.2014
Sørøst for Bjørga (1524moh) 04.04.2014
Øst for Bjørga (1506moh) 04.04.2014
Snoadvarden (1520moh) 04.04.2014
Supphellenipa (1729moh) 04.04.2014
Nordvest for Supphellenipa (1734moh) 04.04.2014

Kjell har vore på jobb i Nordsjøen denne flotte godversperioden som har vart sjeldant lenge her i distriktet:) Har misunt oss landkrabbe venner alle dei flotte ski og fjellrapportar både på peakbook og facebook....han har vakse opp med Jostedalsbreen i Stardalen som treningsarena, og er kjent i nærmiljøet for sin råheit og styrke når det gjeld treningskapasitet:) Eg tenkte nok at det kunne vere kjekt å få teste seg i trening ja... Vi er og fleire i ein gjeng som har jobba for vern av nasjonalparken med tanke spesiellt mot det nye tunnelprosjektet som er planlagt til 300 mill frå Kjøsnesfjorden i Jølster og opp mot Tverrfjellet og breen! og vi kjenner kvarandre gjennom dette. Siste dag med godver og muligheit til å kunne utnytte ei skikkeleg treningsøkt og tur i godveret på breen. Fekk med eit oppdrag på turen av Joar om å ta mål av austveggen på Kvannebakkbu. Det skal skiftast kledning på den.. Ei sjarmerande bu i eit nydeleg område, med muligheiter til å overnatte i. Anbefaler virkeleg eit besøk av denne :) Vi starta turen frå tunet til Kjell og standaren var satt...her var det ingen kvileheim ;) Så gleden var tilstades med ein aldri så liten stopp på Kvannebakkbu for måltaking av veggen, tenker det var ei meining med det :) Ellers var det eit glitrande føre mot Supphellenipa og andre peakbook punkt som var naturleg å ta med undervegs;) Kjell er ingen peakbook bekjent, rista vel litt på hovudet... men høgdemeter og trening i bonus var selfølgeleg OK då eg hinta forsiktig om nokre ekstra punkt:) På Supphellenipa var det total stille på toppen, og vi tok tid til å ete niste og nyte solvarmen og utsikta som er formidabel :) Eit nydeleg ver har det vore lenge og ingen teikn til at folk har vore på besøk til denne kjente og spesielle toppen.. Ein artig og koseleg film som er laga om den er av Torje Bjellas frå Jølster i NRK, og som har tittel "Den gamle mannen og breen" http://tv.nrk.no/serie/folk/dksf46000112/17-10-2012 Den er absolutt verdt å sjå :) Returen heim og vidare var tenkt via Litlebredalen og Bjørga. Turen frå Supphellenipa gjekk på silkeføre med staving og skøyting på fjellski..av og på med feller, men det høyrer med!! På toppen av Bjørga var varden eit sørgeleg syn!! Sikkert lyn nedslag, så arbeid til dei med ekstra energi og arbeidslyst ved eit neste Bjørga besøk:) Eit fint renn ned att Rambjørgebotnen og fjellsida ut att og ned i skogsvegen til Lyngstad og bil. Ein kjempe tur i strålande ver :)

eikås_img_1483.jpg
eikås_img_1494.jpg
eikås_img_1503.jpg
eikås_img_1508.jpg
eikås_img_1510.jpg
eikås_img_1517.jpg
eikås_img_1527.jpg

Frå ein skadeskutt Varde på Bjørga 1551 moh kanskje lyn nedslag !! Snønipa ibakgrunn 1827 moh

eikås_img_1499.jpg

Takk Kjell for ein flott tur

Kommentarer

  • -
    avatar

    Tittel mangler

    Skrevet av Øyvindbr 14.04.2014 11:30

    Hei igjen!

    Ja jeg føler meg så maktesløs og grinete overfor alle planer som finnes. Jeg er jo ellers ingen typisk rød fyr, men på grunn av min kjærlighet til naturens stillhet og min motstand mot motorferdsel for moro skyld i naturen og utbyggingsiver så kan jeg ikke stemme blått. Er oppriktig bekymra for norsk natur nå! Ikke liker jeg alt klimamaset heller når de bygger ut natur i klimaets navn, for eksempel vindmølleparker. Hva med å redusere levestandarden litt til fordel for naturen istedenfor, man lider ingen nød av det. Men man taler for døve ører, så jeg orker ikke å kjempe, blir bare deprimert. Men har stor sans for og respekt for de som faktisk gjør det!

    Ja jeg studerte lenge i Sogndal og ble glad i hele fylket. Dessverre var det ingen Sondre til å hjelpe meg da, de fleste tenkte kun på festing. Men fikk med meg en del flott og lengter alltid tilbake til Sogn og Fjordane! :)

    Ha en super turpåske du også! :)

  • -
    avatar

    Tittel mangler

    Skrevet av Øyvindbr 08.04.2014 10:04

    Det så ut som en fantastisk tur ja! Blir rastløs av å se sånne bilder fra det som er favorittfylket mitt, spesielt når jeg ikke er meg sjøl pga noe vårvirusjævelskap.

    Ellers imponert over at dere kjemper mot de grådige og destruktive kreftene som bare tenker på utbygging og penger. Jeg hadde ikke klart å diskutere med folk som vil ødelegge flott natur. Vi lever i ei destruktiv tid for naturen, og reagerer vi blir vi kalt bakstreverske. Sånt provoserer såpass at jeg ikke vil ha med sånne folk å gjøre. Har respekt for de som orker å kjempe mot naturfiendtlighet sånn som dere! Stå på!!

    • -
      avatar

      Sv:

      Skrevet av Eikås 12.04.2014 22:34

      Så kjekt å høyre :) Ja, her er virkeleg variasjon i natur og som ein lett blir berørt av! Enig, Trivselfylke nr 1 :) Det er som du beskriver, ein føler seg litt bakstreversk og nesten makteslaus over sitt syn på å prøve å ivareta den ville og unike naturen! forhindre utvikling....!! Det er urovekkjande kva posisjon, makt og pengar gjere og kva det driv folk til! Desto viktigare å våge stille konstruktive spørsmål ved sak!! Det er ganske arrogant av ei lita gruppe å planlegge så store inngrep i naturen som betyr så mykje for så mange, også for seinare generasjonar.

      Takk for fin tilbakemelding og ha ei Super tur Påske :) :)

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.

Annonse