Høyanger: Fløyen, Hatlelifjellet og Tverrgavlane (02.05.2014)

Skrevet av boven (Ove Lotsberg) GSM

Startsted Myrekrok (10moh)
Sluttsted Myrekrok (10moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 4t 00min
Distanse 11,0km
Høydemeter 1100m
Kart
Bestigninger Fløyen (765moh) 02.05.2014
Hatlelifjellet (781moh) 02.05.2014
Tverrgavlane (766moh) 02.05.2014

Dette er ein flott rundtur. Det er svært godt merka i området. Eigne kart for Lavik og Norevik med innteikna ruter og trimpostar finst å få tak i, prøv på bensinstasjonen i Lavik. På kartet er det hampande tjukkt med feilskrivingar av namn. Feks Norevik som skrivast Nordrevik på kartet. Hatlelifjellet som skrivast Haslelifjellet på kartet. Og Bosdalen som skrivast Bossdalen på kartet.

Det er fleire mulege startpunkt, men dersom ein vil tilbake til ungangspunktet anbefalast Myrekrok. God merking heile runda. Ein kan og starte på Ullebø, Teigen eller ved tunnellen på Avsnes.

Kom meg avgarde 0745. Vi hadde parkert på ein gammal busslomme litt bortafor Myrekrok. Ei røy holdt oss med underhaldning heile kvelden der ho spankulerte rundt på vegen. Lett og tørrt terreng til Vattekarstølen. Her krølla eg litt med ruta men kom kjappt innpå igjen. Pass på å gå til venstre her ved den gamle falleferdige hytta. Eg gjekk til den grønne og bomma litt. På Fløyen fann eg gledeleg nok at det var merka rett ned i skaret og vidare til Hatlelifjellet. Tok og ein slyngar bortom Tverrgavlane, ein bonustopp med pf på 90-tallet. Her fekk eg årets første Heilo-oppleving. Kvakk til då eg høyrde den vemodig vakre lyden til denne flotte fuglen. Eit par trippa lett bortover mellom snøflekkane. Kom inn på den merka ruta igjen til Teigstølen. Ein lett og flott tur som kan anbefalast!

Kommentarer

  • -
    avatar

    Kart Lavik

    Skrevet av Jossi 31.05.2014 18:14

    Skulle hilse fra ho som har med merking av løyper og stier rundt Lavik og seie at det var utrulig kjekt at dokke syns det var godt merka løyper :) Dei nye karta som kan kjøpast på Statoil Lavik er oppdatert med dei rette navna på fjella.

    • -
      avatar

      Sv: Kart Lavik

      Skrevet av boven 15.06.2014 12:29

      Då har eg kartet i hende, du må takke ho for det! Har korrigert og lagt til dei namna som står på dette kartet. Om eg får tid lagar eg ei liste og sender deg for denne topptrimen så kan du vise kollegaen din.

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.