Hafstadfjellet, Bekkeholten og Gravdalsholten (07.08.2014)

Skrevet av reikri (Reidun Kristiansen)

Startsted Førde sentrum
Sluttsted Haresporet
Turtype Fjelltur
Distanse 14,9km
Høydemeter 1211m
Kart
Bestigninger Bekkeholten (476moh) 07.08.2014
Gravdalsholten (398moh) 07.08.2014
Havstadfjellet (706moh) 07.08.2014

Starta ved sentrum sør og gjekk opp Hafstadkleiva. Gjekk ned igjen mot Hunsrasta og vidare mot Langelandsvatnet. Det var meldt litt dårleg ver denne dagen. Men etter som været holdt og det kun kom nokre få dropar, fann eg ut at eg ville prøve meg på Bekkeholten. Litt usikker på om det var noko god sti, så eg navigerte meg fram via GPS og kom på toppen. Eg gjekk ned igjen langs noko som kunne minne om ein sti eit stykke nedover mot Hafstadstølen. Fulgte postvegen ned mot Reset. Og ettersom det framleis var opplett, fann eg ut at eg skulle prøve å komme meg til Gravdalsholten også. Der fulgte eg delvis stien som gjekk mot Gravdalsgjelet og tok av stien og fekk navigert meg opp til toppen ved hjelp av GPS. Fann så ein sti som eg fulgte ned til Haresporet.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.