Drøsinga og Setelifjellet (26.06.2014)
Ascents | Drøsinga (1,086m) | 26.06.2014 |
---|---|---|
Setelifjellet (973m) | 26.06.2014 |
Køyrte av ved Leite ved Holsen. Køyrte heilt inn til parkeringsplassen innerst i dalen. Gjekk etter skiltinga mot Drøsinga. Det var godt varda i første delen av stien. Men etter kvart så fann eg ikkje merkinga. Det endte med at eg gjekk på skrå opp mot eit skar. Der var det ein del klyving før eg kom opp på toppen av Drøsinga. Frå toppen er det godt merka ned mot Manneskardet. Her gjekk eg etter merkinga opp til Setelifjellet. Eg gjekk same ruta nedatt til Manneskardet. Frå Manneskardet var det delvis merkt ned mot Gulefjellstølane. Her var det berre å følge terrenget nedover til ein nermar seg stølen. Der er merkinga betre. Så var det å passere Gulestølen og følge stien ned til bilen. Anbefaler at ein følger skiltinga inn mot Gulefjellet til stølen og deretter følger dalen opp til Manneskardet, som ligg mellom Drøsinga og Setelifjellet.
Det var litt myrlendt enkelte stader på turen.
User comments