Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Facebook

Gravdalsholten

Datum:
04.04.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
0:45h
Entfernung:
3,3km
Karte    

Klungeren

Datum:
03.04.2024
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
2:36h
Entfernung:
10,8km

Kollegatur. Det var meldt ikkje alt for bra vær, men vi var tre kollegaer som likevel ville ta turen, sjølv om været ikkje akkurt sa strålande sol. Vi starta opp frå Masdalsgjerde på lett skare og fortsette heilt opp til toppen utan at skaren vart mindre. På toppen var det null utsikt og tåke, så det gjekk ikkje veldig fort nedatt. Grei tur, men hadde eg visst at det var skare snø heilt opp, så hadde eg nok tenkt at truger var betre.

Karte    

Nordheia/Djupviknipa

Datum:
02.04.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:00h
Entfernung:
3,7km

Karte    

Snønipa og Myklebustbreen frå Høyset

Datum:
01.04.2024
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
9:15h
Entfernung:
27,5km

Siste dag i påska og det var meldt sol. Fekk invitasjon om å være med på Snønipa denne dagen. Og ettersom eg mangla Myklebustbreen(1709moh) så var ønsket først og fremst bortom den toppen. Vi tok opp til venstre opp lia og vidare opp mot Snønipa. Etter kvart som vi steig oppover hadde sola teke meir og det var faktisk ikkje so verst å gå. Det verste var nok at det kladda litt under skia. Hadde ein fin liten rast på veg opp lia før vi fortsette opp til Snønipa. Det var mykje folk denne dagen, men då vi kom opp, så var vi aleine på toppen. Etter ein liten rast på toppen i strålande sol fekk eg med meg noko av turfølge bort på neste topp. Nydeleg føre frå Snønipa og bort til Myklebustbreen. Slakt og fint og pudderføre. Ein liten stopp på toppen før vi tok fatt på nedturen >>>

Karte    

Kalsetrennet

Datum:
30.03.2024
Tourcharakter:
Langlauf
Tourlänge:
3:16h
Entfernung:
23,8km

Kalsetrennet i dag. Våkna til ein flott morgen med betre vær enn det som var meldt. Dette kunne bli ein fin dag for Kalsetrennet. Gjorde meg klar til å komme meg ut døra, men i det eg går ut regna det. Då var det innatt for å få på seg kle som er berekna på regn. så bar det av gårde opp til Langeland med tru på at det kanskje... kunne lette litt før eg skulle starte. Men den gang ei, så då var det berre å komme seg av gårde på skituren. Før krysset mot Fauskestølen stoppa regnet og jammen kom det litt solgløtt innimellom, så då var det berre å ta fatt på Fauskeløypa. Flott å gå, sjølv om det var noko blautt i sporet og skiskoa ikkje akkurat er siste skrik. Hadde ein avstikkar heilt opp til Fauskestølen, ettersom eg aldri har vore heilt oppe der. Då eg kom til >>>

Karte    

Midtbøfjellet

Datum:
29.03.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
0:38h
Entfernung:
1,9km

Etter turen på Veten var eg ikkje heilt klar for heimreise. Så då blei det ein rask tur opp til Midtbøfjellet også. Stien er bratt, men grei å gå.

Karte    

Veten, Byrknesøy

Datum:
29.03.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:23h
Entfernung:
8,1km

Eg og mannen tok oss tur til Gulen og Byrknesøy denne langfredagen. Vi skulle følge ruta som var beskrive på ut.no til Veten og parkerte ved parkeringsplassen. Vi starta oppstiginga og ante at dette var ein blautare sti enn eg hadde trudd. På toppen av Veten oppdaga vi at dei fleste gjekk opp ein heilt anna plass enn det som var beskrive på ut.no. Vi tok sjansen og fulgte den nedatt. Denne stien var mykje tørrare og finare enn ruta vi gjekk opp. Anbefaler difor sterkt å køyre til Gråvikvegen og parkere på ei parkeringslomme lenger sør. Då vil du spare deg for mykje blautmyr.

Karte    

Nordevikstølen og Heiane

Datum:
28.03.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:55h
Entfernung:
7,4km

Tenkte eg skulle prøve ut ruta som Indre Sunnfjord turlag hadde som ein av titurane i fjor. Heilt OK tur opp til Nordevikstølen og vidare til Nordevikstølsvatnet. Men ikkje så imponerande utsikt. Eg tok opp i lia vest for Nordevikstølsvatnet, der var det eit tråkk og nokre merker her og der. I underkant av ein km opp til toppen var det mykje betre utsikt. Eg reknar med at dei fleste kanskje hadde hatt betre glede av denne utsikta enn den nede ved vatnet.

Karte    

Rimmane og Ørnafjellet

Datum:
27.03.2024
Tourcharakter:
Schneeschuhtour
Tourlänge:
3:57h
Entfernung:
11,7km

Værmeldingane i dag var så som så, så eg hadde eigentleg ikkje tenkt å ta ein lengre tur. Men då eg såg ut vindauget var være mykje betre. Valet i dag falt på Rimmane og Ørnafjellet. Eg forstod raskt at dette kunne bli ein vindfull tur, men det gjer ikkje så mykje, så lenge ein har gode klede. Eg fann også ut at truger kunne være tingen i dag, ettersom det har vore tendens til litt skare og eg ikkje er så frykteleg glad i bratt nedkøyring. Truger var heilt innafor ettersom skaren faktisk var langt opp i lia. Tok ein avstikkar på vestpunktet på Rimmane før eg gjekk til topps på Rimmane. Eg fortsatte mot Ørnafjellet, som kanskje er litt bratt oppover med truger. Heilt OK tur med mykje betre vær enn frykta.

Karte    

Hornkollen

Datum:
26.03.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
0:44h
Entfernung:
1,8km

Dagens tredje tur og fjerde topp. Vi parkerte på fergekaia og eg gjekk eit lite stykke bortover gjørme før eg fulgte eit tråkk oppover. Kort tur.

Karte