Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Other winter trip (102)
- Snowshoe trip (102)
-
Ski trip (63)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (25)
- Trip by foot (1855)
Tortnegrøegga
- Date:
- 13.08.2022
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:30h
- Distance:
- 6.6km
Turen startar ved parkeringsplassen og går over elva mot Flatjordstølen. Stien er merkt oppover på grunn av at Tortnegrøegga er med på årets Jølster Fjelltrim.
Det er veldig kjekt at frivillige tek seg tid til å merke nye ruter kvart einaste år. Det gjer at mange av fjellturane i Jølster er godt merkt.
Dagens tur var nok prega av lite utsikt, men ein fin tur likevel.
Endeleg! Galdhøpiggen frå Spiterstulen
- Date:
- 30.07.2022
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 8:15h
- Distance:
- 13.0km
Galdhøpiggen har stått på ønskjelista mi lenge. Heilt frå 2009, men kvart år vi har tenkt å ta turen, og kvart år har den av ulike grunnar vorte avlyst. Dette året skulle eg få det til! så værmeldingane vart sjekka ofte og vel. Men været har ikkje akkkurat vore på mi side i år. I fjerde ferieveka fann eg ut at det låg an til fint vær på Galdhøpiggen. Ettersom mannen min starta på jobb etter ferien den veka, foreslo han at vi kunne ta det laurdagen.
Vi overnatta i bilen ved Spiterstulen denne natta, men natta var ikkje den beste eg hadde hatt. Sovna litt vel seint og det vart få timar med søvn. Men opp skulle eg sjølv om det kunne ta noko lengre tid. Ettersom eg var såå nære.
Starta roleg oppover og tok mange pausar før vi endeleg kom til toppen. Turen skuffa ikkje, >>>
