Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (102)
- Schneeschuhtour (102)
- Fahrradtour (1)
-
Fußtour (1855)
- Bergtour (1387)
- Jogging (5)
- Spaziergang (1)
- Wanderung (454)
-
Skitour (63)
- Langlauf (25)
- Tourenskilauf (38)
Storehaugen, Sogndal
- Datum:
- 08.10.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 5:50h
- Entfernung:
- 22,4km
Det var meldt skikkelig dårleg vær i Sunnfjord. Etter det eg kunne sjå på værmeldingane var været i Indre Sogn ein del betre. Så då bar det avgårde til Sogndal og Storehaugen.
Eg har vore på Storehaugfjellet før, men ikkje på Storehaugen, så det passa bra på ein slik dag.
Parkerte ved idrettsanlegget ved Kaupanger og fulgte ulike vegar på veg opp til Storehaugen. Litt småregn i starten og etter kvart letta det og det var berre å nyte resten av turen.
Ryssdalshorn
- Datum:
- 07.10.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 4:20h
- Entfernung:
- 11,2km
Haustferie og endeleg ein dag med opplett og nokon lunde fint vær. Ryssdalshorn har vore på ønskjelista lenge. Det fjellet har eg sett på kvar gong eg køyrer forbi Sandane og tenkt at dit skal eg ein gong. I dag passa det med både tida og været, så då var det å peise på til Sandane.
Eg har høyrt at vegen opp til Ryssdalsstølen skulle være bratt, og ja, det var bratt... i alle fall ein del av ruta opp.
Etter Ryssdalsstølen var det godt merka oppover. Det er sett opp ei metalltrapp på klyvepartiet, så sjølv om det føltes litt luftig, så gjek det greitt opp.
Etter trappene gjekk det fint opp mot toppen. Rett før toppen tok eg stien til venstre, sjølv om den til høgre er merkt. Eg vil tru den faktisk er litt lettare å gå opp enn å følge merkinga.
Flott utsikt, sjølv >>>
Nonsnipestølen
- Datum:
- 06.10.2024
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 0:57h
- Entfernung:
- 2,8km
Lett regnværsdag. Men godt å komme ut for frisk luft sammen med søsteren.
våt tur til Høgenipa
- Datum:
- 05.10.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:30h
- Entfernung:
- 7,1km
Grei tur i regnværet i dag. Sjølv om det er vanskeleg å halde seg tørr sjølv med fjellsko og regnkle. Konklusjonen var at det var fint å gå sjølv i regnvær.
Svistølen
- Datum:
- 04.10.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:15h
- Entfernung:
- 4,1km
Nokre dagar er eg berre så sliten at eg knapt orkar å tenke på å gå noko tur, samtidig veit eg at det å komme seg ut vil gjere fantastisk godt. På slike dagar er det vanskeleg å tenke gjennom noko fine turmål. Så då ringte eg ei veninne og ho foreslo Svistølen. Den er relativt overkommeleg for slike dagar.
Og som alle andre gongar der hovudet ikkje er heilt i modus, så var det godt å komme seg ut berre for litt frisk luft.
Smådalsnipa med kollegaer
- Datum:
- 02.10.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:32h
- Entfernung:
- 8,5km
Siste turen for sesongen med Førde vgs turlag.
Må innrømme eg var litt skeptisk når det kom dropar i det vi skulle starte, sjølv om værmeldingane ville ha det annleis. Men desse dropane gav seg fort. Lett driv oppover mot Stehoggestølen og tåke i sikte på toppen. På toppen var det dessverre ei blanding med tåke, men ikkje så mykje at det vart vanskeleg å finne fram ettersom stien er tydeleg og god.
Ein liten rast på toppen før vi begynte på fin driv nedatt. Etter kvart så kom jammen sola gjennom skyene og følelsen av å være heldig med været.
Blåene og Kletten
- Datum:
- 30.09.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:53h
- Entfernung:
- 6,3km
Fin ettermiddagstur til Blåene og Kletten. Det er framleis mogleg å komme opp og ned frå eit fjell etter jobb utan hovudlykt
Kjelstadstølen
- Datum:
- 29.09.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:45h
- Entfernung:
- 7,3km
Tur halvvegs til Skuldalen og så opp til Kjelstadstølen.
snø det siste stykket opp til Kjelstadstølen.
Eikelandsstølen og Haukestølen
- Datum:
- 28.09.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:53h
- Entfernung:
- 8,7km
Snø i høgda denne dagen. Så det blei tur til eit par av stølane i nærområdet.
Litt snø ved stølane.
Dysjelandsheia
- Datum:
- 27.09.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:23h
- Entfernung:
- 4,5km
Lettgått tur denne dagen. Fint å ha nokre litt kortare turar når dagane vert kortare, så slepp eg å haste ned før mørket tar meg.
