Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (102)
- Trugetur (102)
- Fottur (1855)
-
Skitur (63)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (25)
-
Sykkeltur (1)
- Blandet sykling (1)
Hydalen
- Dato:
- 29.06.2024
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:36t
- Distanse:
- 8,6km
Dalestølen og Støfringsstølen
- Dato:
- 28.06.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:08t
- Distanse:
- 5,4km
Når været er litt ustadigt, så er det greitt med turar som ikkje er så lange. Vi klarte å unngå høljeregnet på store delar av turen, men då vi var på veg nedatt frå Støfringsstøylen, haldt det ikkje lenger. Så heldige var vi ikkje. Men fordelen med sommar er at regnet er ikkje fullt så kaldt.
Botnavatnet
- Dato:
- 27.06.2024
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:23t
- Distanse:
- 7,5km
Fin tur til Botnavatnet med mannen. Ein liten dukkert i Botnavatnet blei det også.
Gjesdalsvatnet
- Dato:
- 24.06.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:08t
- Distanse:
- 8,8km
Nydeleg dag denne dagen. Fine temperaturar og solskinn... kan det bli betre?
Hadde med mannen og søsteren på tur i Gjesdalen. Med påfølgande dukkert i Gjesdalsvatnet.
Akkurat passe bratt denne dagen. Litt kaldt i vatnet, men eigentleg heilt innafor. Nokre gongar er det greitt at turane ikkje er for bratte og lange.
Svistølen
- Dato:
- 23.06.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:06t
- Distanse:
- 4,0km
Steindalsfjellet og Dyrdalsknausen
- Dato:
- 22.06.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 5:55t
- Distanse:
- 18,3km
Tur med ein veldig kjekk kollega til Steindalsfjellet. Det er rart det der at dei fjella ein er vaksen opp rundt, ikkje alltid er dei fjella ein har besøkt. Dette gjeld for kollegaen min. Ho er vakse opp rett under dette fjellet, men aldri vore på toppen. Så i dag fekk ho sjansen. Etter det eg forstår, så skal det gå ei rute sånn omtrent rett opp, men ettersom verken eg eller ho er så veldig kjent oppover fjellet, så tok vi ikkje sjansen på noko krumspring opp fjellsida. Så vi gjekk den trygge ruta opp. Og på trass at værmeldingane lova regn, så kom ikkje ein drope. Det blei til og med litt heitt etter kvart. Fulgte ikkje merkinga heilt på veg opp, men vi gjorde det nedatt. Eg hadde ein avstikkar opp til Dyrdalsknausen før vi gjekk nedatt til bilen.
Brulandsstølen
- Dato:
- 19.06.2024
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 2:00t
- Distanse:
- 10,2km
Hadde med mannen min på tur. Vi gjekk frå parkeringsplassen ved Bekkjavatnet og fulgte stien på nordsida mot Hundsrasta og vidare opp mot Brulandsstølen. På Brulandsstølen traff vi på dei fine geitene som vart veldig nysjerrig på oss. På vegen registrerte eg at blåbæra allereie er starta å modnast i tillegg til nokre moltekart. Eg vil tru det vert ein bra bærsommar på oss. På veg tilbake fulgte vi sørsida av Bekkjavatnet tilbake til parkeringsplassen. Ein liten stopp ved gapahuken for ein dukkert før vi gjekk vidare til bilen.
Hafstadfjellet
- Dato:
- 17.06.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:23t
- Distanse:
- 7,2km
Tur med søsteren frå Bekkjavatnet og opp stien. Fann ut vi skulle gå ned Hafstadkleiva sidan vi ikkje hadde gjort det på ei stund. Vel... eg trur vi hadde gløymd kvifor Hafstadkleiva ikkje er den foretrukne ruta ned. Det er kanskje den ruta som er hardast for knea. Og for dei som ikkje er sååå glad i grusveg, så er det litt kjedeleg rett og slett. Takke meg til ein fin og litt kupert sti.
Bolsetnipa
- Dato:
- 16.06.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 4:15t
- Distanse:
- 13,3km
Vegen opp til Fossheimsdalen er stengd på grunn av noko ueinighet. Grunneigar har sett opp skriv der dei begrunnar kvifor vegen er stengt. Så då blei det eit par ekstra km på grusveg. Må innrømme at eg ikkje akkurat er storfan av å gå på grusveg når eg skal på fjellet. Men det går tross alt litt fortare enn å gå i marka.
Værmeldingane var fare for lyn og torden ut på ettermiddagen, så vi tok sjansen på at vi ikkje blei treft av noko slik på turen vår. Fin tur stort sett heile vegen. Nokre dropar kom det, men ikkje nok til at vi blei våte. Stort sett fornøgd med turen denne dagen. Det var tross alt ganske vått tidlegare denne morgonen. Så at vi fekk så mykje sol og fint vær er berre hærleg.
