Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Nordheia/Djupviknipa

Dato:
18.09.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:00t
Distanse:
3,8km

Kart    

Bolsetnipa

Dato:
17.09.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:42t
Distanse:
12,9km

Etter gårsdagens litt grå dag vart det meldt ein del betre vær denne dagen. Vi bestemte oss for å gå på Bolsetnipa. Solskinnstur frå start til slutt. Vi bestemte oss for å ta toppane som var på ruta. Nydeleg å gå i dag. Avslutta med tur i sauna og bading på Jølstraholmen. Ein flott avslutning på dagen.

Kart    

Myklebustfjellet og Snøfjellet

Dato:
16.09.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:12t
Distanse:
8,0km

Værmeldingane skulle ha det til at det skulle bli opplett ut på dagen. Vi tok sjansen på at det skulle lette. Litt blanda vær, både tåke, sol og regn. Skuffelsen var litt større då vi køyrde heimatt i strålande sol. Men men vi kan jo ikkje alltid være heldig med været. Planen var å gå vidare til Blålidalsfjellet, men på grunn av tåka snudde vi. Litt glatt og våt stein på delar av turen.

Kart    

Gytta

Dato:
15.09.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:30t
Distanse:
1,9km

Litt regn i lufta, men klarte å komme ned utan regn.

Kart    

Gytta

Dato:
13.09.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:30t
Distanse:
1,9km

Kart    

Sjønakletten

Dato:
08.09.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:23t
Distanse:
3,1km

Det er ein hektisk periode med tanke på både skulestart og valkamp. Dermed har det ikkje vore tid til dei heilt lange fjellturane. Dermed er det hærleg å kunne ta nokre fine og korte turar. Den følelsen med vindstille og sol på toppen. Sjølv om turen ikkje er så lang så var den heilt magisk med den fine solnedgangen. Det å sitte å sjå på solnedgangen blenkjer i sjøen. Verkeleg energipåfyll før ei hektisk helg og ny veke på jobb.

Kart    

Nordheia

Dato:
05.09.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:00t
Distanse:
3,7km

Kart    

Klettaflora

Dato:
02.09.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:01t
Distanse:
3,4km

Det er framleis valkamp og dermed ein del arrangement eg er med på no før valet. Stand i Førde med potetløp, der vi vann første runde. Det endte med at vi måtte ta ei runde til med "handicap", der ein av deltakarane måtte springe baklengs i andre runde. Vi vann ikkje, men kom på 2.plass av partia. Det gjekk vidare til stafett i Bygstad i forbindelse med opninga av Bygstadhallen. Dei har verkeleg fått seg ein flott hall. Ikkje overraskande, så vann ikkje vi, men vi kom på 2.plass blandt politikarlaga. Etter Helse-Førdestafetten, hadde eg lært at det var lurt å varme litt opp før eg set i gang. Då det var min tur gjekk konkurranseinstinktet amok og det var berre å springe. Litt irriterande då at ein unge kom rett bak meg og sprang som eit olja lyn forbi meg.... jaja, >>>

Kart    

Høgsetholten

Dato:
01.09.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:07t
Distanse:
9,2km

Fann ut at Høgsetholten var målet denne kvelden sidan det var ei stund sida eg var der sist. Flott vær denne kvelden men litt vind. Tok runda over Høgsetholten og ned dalen, der det er merka heile ruta. Flott lys denne kvelden også.

Kart    

Nova

Dato:
31.08.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:05t
Distanse:
12,2km

Starta med litt regn i det eg parkerte i Norddalen. Regnet fulgte meg meir eller mindre opp forbi Finneskotet. Eg tok likevel sjansen på at dei mørke skyene over Nova skulle gje seg. Og det gjorde dei. Då eg kom opp til toppen hadde det letta og skyene forsvann. I tillegg vart det heilt vindstille, så eg må innrømme at eg hadde mest lyst å berre bli oppe lenge for å nyte utsikta og det fine været. Tok ein avstikkar opp til Skorafjellet, der eg fekk den flotte raude solnedgangen. Klarte akkurat å komme tilbake til bilen slik at eg slapp å bruke hovudlykt.

Kart