Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Offisiell opning av Nordheiastien

Dato:
26.10.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
4,0km

Då vart stien til Nordheia offiesielt opna av ordførar og turlaget. Det er lagt ned ein formidabel innsats for å få stien så fin som den er blitt. Endeleg går det an å komme seg på Nordheia utan å verte heilt gjennomblaut og skiten på beina. Tiltaket er eit veldig godt tiltak ettersom turen er blitt veldig populær dei siste åra. Etter kvart som fleire har gått, har stien blitt breiare og breiare på grunn av gjørme og myr. No er den tilrettelagt med trapper og steinar slik at ein kan lett gå opp til toppen.

Kart    

Fauskevarden ++

Dato:
26.10.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:20t
Distanse:
8,4km

Opning av Nordheiastien og tenkte eg skulle ta ein liten tur på Fauskevarden før opninga. Litt blautt i stien nokre stader, men skoa holdt overraskande godt i dag. Friskt på tur med bra vindkast, men når ein går tur på hausten, så er det ikkje anna å forvente at det blæs litt. Så lenge det ikkje regnar i tillegg. Eg hadde så pass god tid på turen at eg valte å gå innom Dyreheia og Storevassheia. Eg har også høyrt at det går sti over tunnellen og fann då ut at eg skulle teste om eg fann ruta. Stien er greitt tydeleg, men då eg kom nesten ned til parkeringsplassen, så sikta eg meg berre inn på stien som går til Nordheia. Tenkjer det er greitt å kombinere turen til Nordheia med turen over Storevassheia.

Kart    

Bekkjavatnet runddt

Dato:
24.10.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:10t
Distanse:
6,3km

OK. så var ikkje formen heilt på topp etter førre veke. Framleis litt "rusk i maskinerieet". Men formen er betre og eg kunne faktisk småjogge litt. Men eg kom fort oppi eit lite "uføre" fordi Bekkjavatnet har fått over sine breidder og det var uråd å komme seg vidare utan å vasse minst ein plass.

Kart    

Bekkjavatnet rundt

Dato:
20.10.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:33t
Distanse:
6,4km

Etter nokre dagar med heftig forkjølelse, så var det på tide å teste formen igjen. Tok med søsteren på tur rundt bekkjevatnet, sidan det er ein relativ lett og fin tur. Det gjeld å sette pris på dei dagane det faktisk ikkje regnar så mykje. Men eg kan vel konstantere at det har vore ganske mykje dårleg vær når vi kallar det å yre for "opplett". Så ja, det yra litt, men som ekte vestlending er eg godt nøgd så lenge eg ikkje vert kliss blaut på tur.

Kart    

Gytta

Dato:
14.10.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:36t
Distanse:
2,2km

Kart    

Kletten og Ospedalen

Dato:
13.10.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:51t
Distanse:
11,9km

Nok ein dag med litt grått vær. Eg er ikkje verre på det enn at vi likevel kan ta ein tur ut. Det er godt å komme seg ut i frisk luft sjølv om sola ikkje skin. Turen opp til Kletten er lettgått og fin og det er relativt fin utsikt frå toppen. Det er tydeleg sti heile vegen, så det er ikkje noko problem å finne fram. Vi valte i dag å gå ein tur vidare til Grønevika og Ospedalen. Turen er eigentleg veldig fin, men ein må være budd på å bli skikkelig våt på beina ettersom stien går mykje i myr og det er ikkje noko tilpassa i det heile. Det er ganske fint nede ved Grønevika og opp Ospedalen.

Kart    

Gotdalsstøylen

Dato:
12.10.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
5,4km

Enda meir snø enn dagen før. På den eine sida veldig idyllisk med snøkvite tre, samtidig er det kanskje noko tidleg å få så mykje som 15 cm snø relativt tidleg i oktober. Tykkjer det kan vente i alle fall ein månad til.... Godt vi uansett ikkje styrer været.

Kart    

Ytre Eikåsstølen

Dato:
11.10.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:54t
Distanse:
2,7km

Kart    

Bjørsetfjellet og Hegrenesnipa

Dato:
10.10.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:27t
Distanse:
13,1km

Fekk spørsmål om eg ville være med til Bjørsetfjellet og Hegrenesnipa denne dagen. Værmeldingane var bra og det var ingenting å stusse på. Til mi store overrasking var det komen nysnø på toppane, men ikkje så mykje at vi vassa i snø og det gjekk heilt fint å følgje stien. Litt vind på toppane, men den gav seg då vi gjekk nedatt i tillegg til at sola varma. Absolutt ein finfin dag til ein fin tur.

Kart    

Langbotnegga

Dato:
09.10.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:33t
Distanse:
16,3km

Nok ein dag med så som så vær. Det såg ut som om det kunne være antydning til lettare vær i Jølster, så då blei det tur til Jølster. Eg hadde tenkt å ta tilsvarande runde eg hadde for nokre år sidan der eg gjekk heile Langebotn rundt, men eg ville prøve å gå frå Årdalen via Fjellstøylen for å variere litt. Fulgte merka og synleg sti opp til Fjellstøylen og vidare opp til Skaret. Det var synleg og merkt sti heile vegen opp til Innestengbotnsegga. Men til mi skuffelse var det null utsikt og ein del tåke som ikkje ville sleppe heilt taket. Men ettersom eg kunne følge merka og stort sett synleg sti, var det berre å gå. Men eg tok ikkje sjansen på å gå heilt rundt dalen då eg var usikker på kvar stien vidare skulle gå og eg veit at stien kan være litt bratt ned. Så >>>

Kart