Helgetur til Store Tverrbotntind (19.07.2014)  5


Characteristic Hillwalk
Duration 6h 00min
Map
Ascents Midtre Tverrbottinden Nord (2,151m) 19.07.2014 10:10
Midtre Tverrbottinden Sør (2,106m) 19.07.2014 10:10
Store Tverrbottinden (2,161m) 19.07.2014 10:10
Vest for Tverrbottinden V1 (2,110m) 19.07.2014 10:10

Etter å ha venta på godværet i over ei veke var det endeleg godt å kunne sette seg i bilen mot Sognafjellet og vidare til Leirdalen - og det i strålande vær. Når det er meldt oppunder 30 grader i låglandet er det slett ingen dum idé å trekke opp i høgden dersom tropetemperaturar ikkje er heilt di greie. Sjølv synes eg at 30 grader + steikende sol kan bli i varmaste laget.

Vi parkerte bilen eit lite stykke før Leirvassbu og rusla i veg mot Leirhaugen og vidare mot høgde 2084 og Midtre Tverrbotntind Sør. Terrenget og oppgangen her var meget lettgått med fin og fast steinur heilt til topps. I boka til Helgesen er det ein grøn trekant på denne ryggen, men kan ikkje skjønna anna enn at det er trykkfeil.

På Midtre Sør kan det sjå ut til at det er langt bort til Store, men i roleg tempo inkl. knipsepauser og litt prat med folk som kom motsatt veg m.m. brukte vi ca. 1 time. Der ble det ein liten matpause og litt meir knipsing. Bla. kunne superzoomen på kameraet avsløre at Galdhøpiggen var stappfull denne dagen. Glittertind hadde også bra med besøk kunne det sjå ut til. Turen videre gikk ned mellom Store Tverrbotntind og Vestre Tverrbotntind. Her tok far min kaffipause, mens eg gikk opp til dei to tvillingtoppane Vestre Tverrbotntind og Vest for Vestre Tverrbotntind. Oppe på fortoppen til Vestre kunne ruta videre mot Vestre sjå relativt overkommelig ut, men det smalaste punktet såg vel smalt ut. Kom fram til at denne toppen kan sparast til seinare. Fant seinare ut ved å lese div. turrapportar at det er vel halvmeteren breitt på det smalaste - noko som blir for heftig for min smak utan sikring. Fant også ut at punktet kan omgås ved å klyve opp ei renne via steinura i underkanten. Denne la ikkje eg merke til når eg var det.

Uansett bar det ned igjen til kaffi-drikkaren og videre ned Leirlyfte. Også her var det markert med grøn trekant på kartet til Helgesen, men denne gang kunne eg ikkje være meir enig for nedgangen her var bratt og kronglete på det værste. Sikkert bedre å gå opp enn ned her.

Etter dette gjekk turen strake vegen ned igjen mot bilen. Alt i alt ein veldig fin rundtur med fantastisk utsikt (sjølvsagt) i alle retningar.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.