Helgetur til Store Tverrbotntind
- Date:
- 19.07.2014
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 6:00h
Etter å ha venta på godværet i over ei veke var det endeleg godt å kunne sette seg i bilen mot Sognafjellet og vidare til Leirdalen - og det i strålande vær. Når det er meldt oppunder 30 grader i låglandet er det slett ingen dum idé å trekke opp i høgden dersom tropetemperaturar ikkje er heilt di greie. Sjølv synes eg at 30 grader + steikende sol kan bli i varmaste laget. Vi parkerte bilen eit lite stykke før Leirvassbu og rusla i veg mot Leirhaugen og vidare mot høgde 2084 og Midtre Tverrbotntind Sør. Terrenget og oppgangen her var meget lettgått med fin og fast steinur heilt til topps. I boka til Helgesen er det ein grøn trekant på denne ryggen, men kan ikkje skjønna anna enn at det er trykkfeil. På Midtre Sør kan det sjå ut til at det er langt bort til Store, men i roleg >>>