Haustsæterfjellet (12.03.2015)
Ascents | Haustsæterfjellet (906m) | 12.03.2015 |
---|
Parkerte ved innkjøring til nedlagte Aven Tre., og tok skogsvegen austover mot Meinset. Den var brøyta berre nokre 100 meter innover, så då måtte skiene på. Det vart staking på glatte ski inn til Midtsætervatnet, og då måtte fellene på. Greit til toppen med utsiktstårnet på godt skaraføre.
Flott utsikt til Synfjellet, Langsuene og Skaget. Det var ei grøn turkasse festa på tårnet, men den var tom.
Grei tur nedatt.
User comments