Høgstolen (17.09.2014)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Høgstolen (1,739m) 17.09.2014

Frå Rv 63 ved Langdalen kjøyrte eg eit kort stykke mot Nedstestølen og sykla den siste km (for å slippe bompenger). Frå Nedstestølen gjekk eg oppover Berilldalen og opp på nordsida av fossefalla ned fra Heimste Berilldalsvatnet. Det er varda rås her og det ligger tau og kjettinger over nokon bratte sva, men uproblematisk på tort føre. Videre langs nordsida av vatnet forbi ei hytte og opp til austenden av Fremste Berilldalsvatnet der eg kryssa utløpsbekken og gjekk oppover i ei grusrenne til bretunga vest for 1538-punktet. Gjekk så langs bretunga på vestsida og gjekk så over breen mot 1538-punktet. Snøfri og nesten sprekkfri bre med ru overflate og ikkje brattere enn at det var greit å gå uten stegjern. Frå 1538 er det brefri rygg heilt opp til toppen av Høgstolen. Det er to master på toppen som muligens er noko overvakingsutstyr. Gjekk ned igjen same vegen som opp. Brukte 10t, korav 8t gangtid i eit praktfullt haustver.

kolla_20151223_567a7f9ab91f7.jpg
kolla_20151223_567a7fc04ff65.jpg
kolla_20151223_567a7fd98e7b6.jpg
kolla_20151223_567a7ff5d0dac.jpg
kolla_20151223_567a801022bf9.jpg
kolla_20151223_567a802406fbd.jpg
kolla_20151223_567a804c27f2e.jpg
kolla_20151223_567a809438e35.jpg
kolla_20151223_567a80bd3fa71.jpg
kolla_20151223_567a80e560a37.jpg
kolla_20151223_567a814989916.jpg
kolla_20151223_567a818271cea.jpg
kolla_20151223_567a812d8aebc.jpg
kolla_20151223_567a810f075ba.jpg
kolla_20151223_567a81c78c8bc.jpg
kolla_20151223_567a81e64aaad.jpg

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.