Rauma/Nesset: Svartevasshøgda, Sjøvdøla og Nebba (06.10.2014)

Skrevet av boven (Ove Lotsberg) GSM

Startsted Rabben (170moh)
Sluttsted Svartvassbu (900moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 8t 00min
Distanse 17,0km
Høydemeter 2500m
Kart
Bestigninger Nebba (1477moh) 06.10.2014
Sjøvdøla (1719moh) 06.10.2014
Svartevasshøgda (999moh) 06.10.2014
boven_20141006_171417.jpg

Geir Arne kom som avtalt til parkeringsplassen mellom Åndalsnes og Isfjorden søndag kveld. Hadde fått melding der han varsla om at han ikkje var i form, og at det kunne være risiko for smittefare. Vi holdt god avstand i 3 dagar og unngikk å få sykja. Vi vart fort einige om at Svartvassbu var eit godt alternativ sidan vi ikkje hadde vore der nokon av oss, og det var fleire spennande toppar i området.

Kjøyrde til Rabben mandag formiddag. Eit par kom rett bak oss, dei hadde planar om Juratind. Snakka litt med dei og utveksla info, men med den vinden som var denne dagen er eg forundra om dei kom seg opp. Dette får vi vel aldri svar på. Gjekk mot Svartvassbu i flott ver men kald vind. Over Svartevasshøgda møtte vi ein familie på 2 vaksne + 3 ungar som hadde overnatta både på Vasstindbu og Svartvassbu. Vi tok inn på den såkalla sikringsbua og pakka om sekkane. Gjekk austover mot vatn 1014 og sørover opp ryggen. Delvis varding her. Vidare nord for breen og opp på ryggen til Sjøvdøla 1719. Satte igjen sekkar nedi steinura. Flott utsikt frå toppen til Eikesdalsvatnet og ei røys med toppar i alle retningar. Siste besøk iflg boka i varden var 20.mai. Kort opphald pga vind og at neste turmål Nebbå virka litt langt unna. Returnerte same vegen. Vinden var så enorm då vi passerte elva nord for breen at vi var redde for å blåse overende. Geir Arne måtte ned i kne og halde seg faste medan vassdrivet stod rundt han. Ved utosen til vatn 1014 satte vi igjen sekkane og gjekk lett opp til skaret sør for Nebbå. Her fekk vi dagens beste økt. Flott å gå den solvende sørryggen oppover til Nebba. Litt småklyving her og der, som sikkert kunne vært unngått om vi ville det. Kasse og bok på toppen. Lite besøkt. 2 turlag på tilsamen 6 personar var einaste som hadde skrive seg inn så langt i 2014. Returnerte same vegen, plukka opp sekkane og rusla tilbake til Svartvassbu. Ingen andre å sjå. Middag og fyring. Geir Arne lirka opp ei vinflaske frå sekken. God stemning, men det vart tidleg kveld. Vinden herja voldsomt, og reiv og sleit i hytta heile kvelden og natta.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.