Store og Vetle Haugmelen (23.10.2014)
Written by Eikås (Janne Eikås)
Start point | Bom ved Dalåker (396m) |
---|---|
Endpoint | Bom ved Dalåker (396m) |
Duration | 2h 23min |
Distance | 17.0km |
Vertical meters | 960m |
Map |
Ascents | Store Haugmelen (1,172m) | 23.10.2014 |
---|---|---|
Vetle Haugmelen (1,118m) | 23.10.2014 |
Ferdig på jobb og det stri regnar I Jølster...Litt lettare ver i Sogndal og Kaupanger. Det er ikkje så mykje å lure på då :) To hoved toppar hadde eg tenkt å ha med denne dagen også Storehaugfjellet på den andre sida ved flyplassen, som ser ut til å ha lik høgde. Irene hadde fri og visste også at veret var lettare her, og var allereie i området. Eg fekk nokre gode tips på vegbeskrivelsar og start utgangspunkt, ei god hjelp :) Tok av frå Kaupanger sentrum mot Dalåker. Køyrde til endast og til bom, parkerte der. Følgde hoved skogsvegen oppover forbi Goro og til Vassløysa. Vegen er først merka med blått, sidan raudmerking og etterkvart skilta til Store Haugmelen. (Ypperlege sykkelområder) Frå støylar ved Vassløysa er det merka med skilt og god sti til S. Haugmelen som eg tok som første topp. Gjekk bortom til den runde søte haugen, kalla Vetle Haugmelen. Fin joggetur og retur den laange skogsvegen ned att til bilparkering. Ein flott rundtur i lettgått terreng, her kunne eg nok godt tenkt meg å teke med sykkel i neste høve.
User comments
Litt bekymret
Written by otto 28.10.2014 23:09Drukner du i Jølstra - ser det er høy vannstand...ganske tørt her i fjellbygda.!
Sv: Litt bekymret
Written by Eikås 29.10.2014 12:05Ja, no har vi fått nok i magasina....Det har vore skremmande å sjå kor enorme krefter som har vore i sving...Jølstra elva var enorm!! Det regnar endå, men roa seg har det gjort. Vorte litt kaldare og snø på toppane her no :) Litt misunneleg på innlandsklima av og til ;) :)
Flott topp!
Written by JPV100 28.10.2014 19:27Store Haugmelen har eg mange gode minner frå då eg studerte i Sogndal. Anbefalar deg også å ta ein tur oppom på ski :)
Sv: Flott topp!
Written by Eikås 28.10.2014 20:27Ja, litt anna natur og klima enn det vi har i Jølster att, for min del 1,5 t køyring mellom. Så då går det fint med nokre fine klimaturar til Sogndal :) Såg du hadde vore på mange toppar her, og tenkte kanskje det måtte vere skule :)