Vi laga Julelunsj på Psyk.Dagsenteret i dag for Brukerar og Personal, vi hadde alvorleg mykje god mat...og eg greier jo ikkje å halde meg då :) Så den som var temmeleg overmett og lengta desperat etter ein aldri så liten trimtur var meg. Det kribla skikkeleg...hadde og nokre julepakke ærend i Førde, så eg tenkte då at Bystien var perfekt som tur. Heilt sikkert nedtrakka sti, i all snøen som er komt dei siste dagane av alle trimmerane i omegn!! Så eg trakka iveg oppover og tilslutt var det berre mine fotfar. Det vart ganske mørkt og etterkvart, lommelykt hadde eg ikkje med. Trudde det flotte lyset opp Bystien skulle komme på men det vart ikkje slik, ein bakke att og eg tenkte dette må gå. Då eg sto i sikkert 70 cm nysnø, måtte eg innsjå at dette ikkje gjekk....Slukørt i mørkna, var det berre å tusle ned att. Møtte på ein kar lengre nede, som var betre skodd enn meg med lett randonee utstyr. Han var jo takknemmeleg for at nokon hadde trakka veg litt i forkant :) Han trente til konkurranse i Sogndal til helga og gav meg eit aldri så lite tips på å anskaffe meg eit lett randonee utstyr... ;) :) Å snu så tett under ein topp, ligg langt inne. Så på veg ned hadde eg bestemt meg for å traske opp att på toppen men med ski. Eg hadde alt utstyr liggande i bilen, så det var berre å skifte til nye varme kle og eg køyrde opp til Bruland, gjekk turen derifra med Telemark ski og nådde toppen i skikkeleg friskt vintravær :) :)
User comments
Vestlandsver ;) :)
Written by Eikås 11.12.2014 21:41Den ligg nok inne med eit "lite" mini gen ;) :) Men vi har nok mykje ver her i distriktet !! Så det nyttar ikkje å kvi seg på ver og føre :) Er julesnøen komt i ditt distrikt ?
Sv: Vestlandsver ;) :)
Written by Olepetter 12.12.2014 18:21Ja, vi har hatt skiføre i mange uker, og koser oss i fint vintervær rett som det er. :)
Ha, du
Written by Olepetter 11.12.2014 20:56snakker om vilje til å stå på! I praksis to turer opp i ruskeværet, altså. Skjønner motbakkeløp-genet er framtredende hos deg. :)