Skjellom - Hestdalshøgdi - Tverrfjellet (22.01.2015)  4

Written by Poteta (Linn Mari Poteta)

Start point Kvitingen (484m)
Endpoint Flatmoen (560m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 11h 30min
Distance 35.7km
Vertical meters 3,010m
Map
Ascents Dalåhøi (1,885m) 22.01.2015
Grjothøi (1,943m) 22.01.2015
Hestdalshøgde (2,091m) 22.01.2015

Ein tur og ei fortælling tå'n Jonny Melby.

"E bynte å gå frå Kvitingen i Nordberg. Gradeståkken viste -10 grader upp mot Skjellom, e stegga me uppåver på dynafit-plåtein i laus snogg, i någgre spor som gjekk upp åt sætrein. Huggulykte gjordde jobben sin i umtrænt 2t frå da e starta. På Skjellom tok e me ei drikkepause og taipa føtein, og såg upp mot skjellflyet, der skylaget låg, og n kunne sjå ti himmiln.

poteta_edimg_3302.jpg
poteta_ed1img_3309.jpg

Når e kom over skylaget så vart dæ ei bitande kulde og dæ vart knallhardt å gå. I tillægg va dæ ein sur vind. Skiføret va bra! E gjekk burtåver Skjellflyet, og da e kåm burtåt Rundhaug, fækk e sjå fysste synet tå valen uppå Hestdalshøgde. Dæ va spesielt, for dæ låg eit tunt skylag over bygde og litte innover fjællet, og når dæ va soluppgang, va dæ heilt magisk!

poteta_edimg_3295.jpg
poteta_edimg_3323.jpg

Uppstigningje åt Hestdalshøgde va heilt ok, men kulda gjordde dæ kje akkurat någgå likar. Gjekk fysst åt den væstre valen, så tok e å vændte nåssån mot den austre, der e grov me ei snodig bosso og fækk kasta ti me litte kalorier. Fjællduken gjordde mon, e brukte'n som tælt og fyra mæ primusen for å få ti me varmen. E greidde ikkje å sitta længje, e pakka sækken, hadde tå feillein og sændte me nedte mot Grjotådalsmunningen. Sole unngjekk me stort sett, men e fortsætte mot Grjotåhøe og viare mot Tverrfjeillet.

poteta_img_3318.jpg
poteta_edimg_3327.jpg
poteta_edhdrimg_3313.jpg

Rondt me va dæ eit fargespekter utta like. Og når e nærma me Dalåhøe, va dæ så myrt at e kje såg nuggun ting, men vænta mæ å hå på me skeill-lykte te e sku' reinne me ned att. Må innrømme dæ at dæ vart ein del knall og fall, dæ va mykjy urd og eit travale terreng å fårrå ti, i hvert fall mæ stive lår og så kald såm e va nå. Når e kåm ned åt Tverrfjell-skiltet, tok e tå me ski'n og labba nedåver. Dæ va utrule mæ snogg som hadde samla se, så dæ va skrækkjelle tongt å fårrå i starten. Væl nere att ve gruva såg e ti to billykte som stod å vænta på me. Ha ælder vårre så gla for å sjå ein bil førr. Da va dæ bærre å kåmmå se heim åt ein etterlængta dusj og få pleia mine sæks gnagsår og to stive føt.

poteta_edimg_3339.jpg
poteta_edimg_3351.jpg
poteta_edimg_3366.jpg

I bunn og grunn ein sikkert fin tur, men e ska eilder gjerra'n upp att på èin dag på snoggføre. Forestilte me at dæ va ein del nedkjøring, men da va nok meire høgdemeter heill e hadde vænta.

poteta_edimg_3367.jpg

Takk for ein kald tur."

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.