Trugerunde på Otrøya (15.02.2015)
Written by Eikås (Janne Eikås)
Ascents | Grøtet (698m) | 15.02.2015 |
---|---|---|
Oppstadhornet (736m) | 15.02.2015 | |
Ræstadhornet Sør (721m) | 15.02.2015 | |
Ræstadhornet (729m) | 15.02.2015 | |
Skåla (607m) | 15.02.2015 | |
Slettheia (635m) | 15.02.2015 | |
Visits of other PBEs | Heggedalselva parkering (25m) | 15.02.2015 |
Vi starta ved Heggedalselva og merka Parkering, tur skilta frå hovedveg til Oppstadhornet 737 moh. Ein liten glipp i start utgangspunktet enda opp i ei oppvarmingsrunde på motorcrossbana like ved...før vi omsider var på rett kurs. Litt ekstra meter er jo berre ein bonus ;) :) Frå parkering er det berre å følge skogsveg tett ved og langs Nord/vest sida av Heggdalselva, der den går over til sti mot Sømmehytta. Ein utruleg idyllisk sti/veg å følgje i flott furuskog. Planen var fjellski, men krøll i pakkesystemet til mitt turfølge var ved ein feiltakelse i ski sko str. STOR!!! Så mange sokkar hadde vi vel ikkje med på turen ein gong til å fylle desse.. ;) Turen vart til truge tur, noko som innebar litt ekstra jobbing på aktivitetsnivået...men supre trugeforhold :)
Vind var det meldt og noko vind var det på toppane, ellers eit nydeleg ver med sol frå klar himmel. Frå Oppstadhornet gjekk ferden vidare via Slettheia 635 moh. der runda vi under Foksåta på austsida og ryggen opp til runde Grøtet 698 moh. Vidare var vi innom flotte Ræstadhornet, ein nydeleg topp rett og slett! Retunerte ned att i skaret mot Grøtet og vi slusja oss bratt ned på vestsida av Mørkevatnet. Derifra vidare rett opp ryggen til siste topp Skåla 607 moh. Vi fekk med den nydelige solnedgangen i havet, eit einsligt skispor var visittkort på denne toppen. Med den flotte solnedgangen og ein opplevelsesrik tur med foto glede, retunerte me ned att ryggen litt mot aust og ned til Sømmehytta att. Suuperfin rundtur og øytopp/fjelldag langt der ute, mot det mektige flotte havet :)


















Takk for fin tur ilag Lise :)
User comments
Missing title
Written by ligroenb 17.02.2015 22:41Fin liten rundtur i starten der..... :-D