
Starta usedvanleg tidleg, 0715 frå brua over Røssåa ved Todalshaugen. Tross gode anbefalingar frå diverse kjentfolk om å gå frå Nordvikstranda ville eg absolutt prøve den ruta eg sjølv hadde blinka meg ut. Labba 200 høgdemeter oppover den veldig gode veien som er bygd i forbindelse med kraftutbygginga. Kunne kjøyrt bil opp her, bommen stod åpen og. Tok av til venstre mot Todalshaugsætra. Pga snøfallen i går kunne eg ta på meg skia her, hengde ifrå meg stilongsen i ei buske. Passerte sætra og peila meg inn på vestsida av 1102-knollen. Gjekk først på den vestlegaste toppen. Glei rett austover frå denne mot skaret. Hadde sett ei stund på ryggen til Indre Sula. Siste meterane såg ikkje enkle ut som det som ofte gjer på litt avstand. Kom opp til det brattaste partiet som såg svært vanskeleg ut. Sommarruta som er merka går i nordsida. Denne var no dekka av ein bratt snøflanke. Valgte på leite fram stegjerna og isøksa. Traverserte snøflanken med konsentrasjonen på topp. Etter dette nokre enkle meter til toppen. Klokka viste no 1100. Retur samme vei, men gjekk no frå skaret sida søraust for Ytre Sula og kom inn på ruta eg tok opp. Flott skikjøyring nedover til sætra. Tilbake ved bilen etter nøyaktig fem timar kl 1215. Handelsmann og borgermester i Todalen kunne seinare på dag bekrefte at signaturen var observert! Resten av dagen vart brukt til blant anna lang trilletur i Todalen med Vinjar. Lise tok laust på ein ur på andre sida av dalen. Planen var at ho skulle gå same turen som meg, men pga snøflanken i nordsida utsette ho denne til ein anna gong.
User comments
Det såg flott ut :)
Written by Eikås 25.03.2015 21:39Den har eg sett på...Du får du helse Lise å seia at den tek vi ilag ;) :)