Nordvikstranda er det bomvei til kraftverkinntaket på ca 400 moh. Kostar kr 40 som sjølvsagt blir betalt med glede. Parkerte åleine ved veis ende. Turen starta i fint ver og god temperatur. Nesten så ein kunne bli optimist. Planen var å ta Storfjellet først. Bollknubben var skyfri og såg fin ut, men gjekk forbi denne for å så ta den på retur. Opp mot Storfjellet såg eg at skylaget la seg godt nedpå toppen. Sola var definitivt på vikande front og vinden utriveleg. Gjekk nord for Bollknubben mot Fossafjellet. Kraftlinja vart passert og det tetta seg enno meir til. Fossafjellet såg eg aldri meir men toppen vart nådd. Ei jævlige vindkule traff meg på toppen. Fekk snudd skia rette veien og vart sendt i god fart tilbake med feller på! Fulgte spora mine eit stykke før eg tok av sørover mot skaret mellom Fossafjellet og Bollknubben. Såg absolutt ingenting, og kraftlinja dukka aldri opp. GPS og kartstudier, og då høyrer eg vinden ular i konstruksjonane. Rett etterpå ser eg linja. Valget er då enkelt. Følge den nedover og komme seg heim. Klissblaut kom eg til bilen etter 3 timar. Bollknubben skal takast ved førte høve!
User comments