Rindal: Duvåsen (20.04.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Folddalsvegen (290m)
Endpoint Folddalsvegen (290m)
Characteristic Hike
Duration 1h 00min
Distance 3.0km
Vertical meters 200m
Map
Ascents Duvåsen (493m) 20.04.2015

I dag skulle Lise gå turen eg gjekk i går, Snøfjellet og Skjerdingen. Vinjar og eg overlatt til oss sjølve. Leita fram argaste plankane i utstyrskaoset og fella dei opp. Her skulle jr få svinga seg. Kjøyrde opp Surnadalen og tok av på Folddalsvegen. 60 kr som kan betalast anten cash eller med kort. Parkerte rett sør for Duvåsen, der ein liten veistubb startar. Valget vart høge fjellsko. Snøen oppover var flekkvis og det gjekk no på eit vis. Gjekk rett mot masta, prøvde finne bare flekkar. Vinjar skratta mest når eg gjekk igjennom til opp i balljane eller når grankvistene sopa over bæremeisen. Retur same vegen, kjøyrde opp til demninga der det vart lunch og klargjering for telemarktur med bæremeis.

boven_20150430_55428985142db.jpg

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.

Advertisement