Dypingsknuten og Frafjordhatten (17.04.2015)
Skrevet av kolla (Kolbjørn Tjessem)
Bestigninger | Dypingsknuten (794moh) | 17.04.2015 |
---|---|---|
Nord for Flæetjørna (726moh) | 17.04.2015 | |
Frafjordhatten (815moh) | 17.04.2015 | |
Kvernhusfjellet (662moh) | 17.04.2015 | |
Skrubbaknuten (697moh) | 17.04.2015 |
Kjørte over brua ved Molaug og parkerte på Håland litt aust for der kjerrevegen opp Norddalen begynner. Det står nokon reservert parkering-oppslag der kjerrevegen begynner så derfor parkerer eg litt lenger borte. God gangveg oppover Norddalen. Bar med meg ski og over 400 moh var det fortsatt fleire harde snøfenner. Tok på skia etter å ha gått over brua over åna ut av Stølsvatnet.
Gjekk så sørover i den austvendte bratte fjellsida opp til Kvernhusfjellet. Flott utsikt ned i Frafjorddalen herfrå. Så rant eg ned over Kroktjørna og gjekk opp til Skrubbaknuten og så videre vestover til Dypingsknuten. Herfra ned den bratte nordsida til Flæetjørn og tok så fatt på sørryggen opp til dagens hovedmål Frafjordhatten. Fekk studert utsikten og skrevet meg inn i vardeboka før eg rant ned til Fodnastølsvatnet.
Sist eg var på Frafjordhatten for over ein månad si klarte eg å miste den eine skia i bjørkeskogen. Skien løsna frå skoen og tok ut på eiga hand nedover på skaren. Pga mørket fant eg den ikkje igjen da, men fant den heldigvis denne gongen. Foretok som vanlig ismålinger på Fodnastølsvatnet og Stølsvatnet. Det er rundt ein halv meter snøsorpe i vatnet og tynne skarelag i mellom. Bæreevnen er relativt god men store deler av Stølsvatnet har åpna seg så vårløysninga er for alvor i gang.
Til slutt var det bare å gå ned igjen i Norddalen. Kan med dette sjå tilbake på ein av mine finaste turar til Frafjordhatten takka vere det flotte veret og gode snøforholda. I dei seinare år er det sjelden det har vore skiføre i dette området sjøl midt på vinteren, og nå låg det faktisk rundt ein meter snø i midten av april!
Kommentarer