Vakna i Folddalen ved demninga til mykje vind og litt grått. Hadde Snota i tankane men ingen krise om eg ikkje kom dit. Etter mykje grublerier og pakking kom eg meg til slutt avgarde. Det var meldt ein del vind, noko som så langt viste seg å stemme. Gjekk den vanlege ruta mot Snota og plukka Nonshaugane. Vinden var ikkje grei. Motivasjonen for Snota åleine var ikkje tilstades. Gjekk difor heller til Skrøåfjellet. Glei nordover til skaret igjen, ca 700 moh. Gjekk med vinden i ryggen ein fin tur til Tindfjellet. Skreiv meg inn i boka. Retur rett ned til bilen igjen utan eit stavtak. Flott tur sjølv med litt vind. Ingen andre å sjå i fjellet denne dagen. Snota har eg ein plan med til fots.
User comments