Surnadal/Halsa: Måsvassheia, Stortussen, Skreåfjellet (08.05.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Skrøvset (5m)
Endpoint Skrøvset (5m)
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 05min
Distance 14.9km
Vertical meters 1,270m
Map
Ascents Måsvassheia (569m) 08.05.2015
Skreåfjellet (718m) 08.05.2015
Stortussen (765m) 08.05.2015
boven_20150510_554fc4b7132a5.jpg

Kjøyrde til Skrøvset og parkerte på sjøsida av vegen. Ei god infotavle stod på eit hus heilt inntil vegen. Gjekk oppover og gjennom gardstunet til ei ny tavle og merking Skrøvsetfjellet. Her sat det ein eldre kar som hadde fyrt bål og tok livet veldig med ro. Han var av den svært pratsomme og positive sorten. Eg kunne kjøyrt bil opp dit og parkert på denne vedaplassen. All den gode merkinga var det yngre mosjonskrefter i bygda som stod for. Han ønskte meg god tur, slik det bør være! Gjekk skogvei til endes og inn på god sti langs eit heftig elvagjel. Fulgte stien på vestsida av Skrøvsetvatnet og rett nordover til Måsvassheia. Veldig fint område her, ikkje skjemma av sætrevegar og vasskraftprosjekt. Frå Måsvassheia gjekk eg ned til skaret sør for Måsvatnet. Denne toppen var ikkje registrert på PB før, men kan bekrefte at GPS viste eit fall på ca 110 meter frå toppen til skaret. Frå skaret bratt oppover mot Stortussen. Her er det muleg å velge spennande veivalg om det er ønskjeleg. Gjekk ryggen sørover og nord for Jutulbu. Holdt høgda her og vasa meg ikkje ned på myrane der snøen låg. Frå sætrane var det merka Skreå, fulgte stien oppover ryggen mot Skreåfjellet eller Skrøvsetfjellet. Denne enda på ca 640 moh ved ein varde. Der stod det skilt Skreå 712 moh, det er nok noko feil. Lett vidare til høgste punkt. Frå dette punktet 718 moh er det knappe 100 meter til kommunegrensa mot Halsa. Toppen skal difor berre ligge i Surnadal. Retur samme veien ned langs ryggen og stien til bygda. Den kjekke eldre mannen var ikkje å sjå.

boven_20150510_554fc54e7e7a9.jpg

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.