Etter turen til Rognfjellet hadde vi avtale med karen som bur på Nygard om parkering og info om rutevalg. Kjøyrde opp til det svært velstelde tunet der det var nybygg på trappene. Til høgre bak låven gjekk vi over eit el. gjerde og fann ein sti som gjekk oppover ryggen. Denne fulgte vi stort sett til topps. Litt vanskeleg å følgje enkelte stader. I følge han var dette den vanlege ruta opp som han brukte sjølv ein del. Då vi kom ned til tunet igjen var karen komen. Hadde ein lang prat med han, lokalt kallar dei toppen Vihalskammen kunne han fortelje. Vi måtte sjølvsagt gjere greie for kva dette var slags ide, kome til Aure frå Sogn og Fjordane for å gå på slike knausar. Etter ein lang prat kjøyrde vi vidare på nordsida av Årvågsfjorden til Årvåg.
User comments