
Vakna på Klakkan til skyfri himmel. 4 stk som skulle på ruta til Storfiskhytta kunne tipse oss om ruta til Storklakken. Ingen merking eller skilting frå parkeringa, ganske utruleg. No er ikkje vi spesielt opptatt av svarttrakka stiar men trudde her at vi skulle finne ei god rute til denne markerte toppen. Fulgte veien 5-600 meter vestover og skulle finne stien her. Det gjorde vi ikkje. Gjekk gjennom ei grind og langs eit gjerde. Her fann vi første raudmerkinga. Stien oppover var bratt og kronglete men gjekk no heilt greitt. Eit skylag hadde sige innover og vinden var tiltakande. Ikkje det heilt store lenger, Lise og Vinjar returnerte til parkeringa medan eg tok ei lenger runde for å prøve fullføre dette Aure-prosjektet. Ruta vart Litklakken-Kvenngrøfjellet-Bjørkalifjellet-Svartvassknubben-Sølømsfjellet-Vihalssætra og så stien utigjen til parkeringa. Utfordringa var opp og ned frå Litlklakken. Ned i skaret Klaven var det bratt og etter kvart bart fjell med ein hammar ned. Gjekk på nordsida og til slutt hadde eg ca 3 meter ned på ei lita hylle og ein liten meter til ned på graset i skaret. Ei lang tynn bjørketrode og ein lause stein holdt, og eg firte meg ned på hylla. På vestsida av Litklakken rota eg meg ned i liknade svaparti og måtte lenger innunder fjellet og ned ei veldige ur. Elva Skardbekken var større enn eg trudde. Snørte igjen buksa på dei høge fjellstøvlane og sprang over. Det holdt fint. Resten av turen var planke, men mykje vind. Tilbake ved parkeringa møtte eg Lise og Vinjar som kom frå Store Knypo. Etter litt påfyll av drivstoff var det berre å rusle til denne meget lette toppen. Ca ein halvtime opp på sti.

User comments