Sommarskitur over Rosskreppfjorden (09.06.2015)

Geschrieben von kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Startpunkt Fossebu (935m)
Endpunkt Fossebu (935m)
Tourcharakter Tourenskilauf
Tourlänge 12h 00min
Karte
Besteigungen Botnsvassristi (1.173m) 09.06.2015
Grønelifjellet (1.073m) 09.06.2015
Kolsvassfjellet (1.237m) 09.06.2015
Midtfjellristin (1.189m) 09.06.2015
Tangevadsheii (1.190m) 09.06.2015
Urdalsknuten (1.433m) 09.06.2015

For 3. år på rad var Rosskreppfjorden farbar på ski etter at Brokke - Suleskarvegen åpna etter vinterstengning. I år blei åpning av vegen litt forsinka pga store snømengder og påfyll av nysnø natt til 23. mai, men 2. pinsedag 25. mai blei vegen åpna. Dei som har levd litt lenger enn meg meiner at dette er den mest snørike våren i dette området sidan 1962 eller 67.
Kanskje fyrste gong sidan 1997 at Rosskreppfjorden er farbar så seint som 2. veka i juni. Gjekk frå demningen i sørenden fram og tilbake dei ca 11 km over fjorden på langs. Etter ei kald natt med frost var det godt skarelag på den 30-40 cm tjukke snøsorpa. Det var heldigvis et solid underislag på minst 10 cm. Hadde gjennomtråkk i det øverste laget en del plasser, særlig i den nordligste delen.
Det var fortsatt meir snø enn det før har pleid å vere siste halvdel av mai og første gong eg har sett topplatået på Urddalsknuten snødekt. Hadde lang pause på toppen i det flotte veret. Har aldri sett Gaustatoppen herfra og det er nok heller ikkje mulig da den kjem rett bak Holfjell og austre del av Urdenosimassivet.
Rant så ned austover til Tangevadsheii. Ganske hardt og isete i nordhellinga sjøl nå langt utpå ettermiddagen. Så videre over Botnsvassristi, Kolsvassfjellet, Midtfjellrisin og Grønelifjellet. Til slutt over fjorden igjen der det nå var meir gjennomslagsføre enn på turen nordover. Brukte ca 2t kvar veg over fjorden og 12t på heile turen i flott ver, men tilskyande om kvelden.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.