Rindal/Meldal: Snausstabben (16.06.2015)

Skrevet av boven (Ove Lotsberg) GSM

Startsted Ved bomvei (180moh)
Sluttsted Ved bomvei (180moh)
Turtype Fottur
Turlengde 3t 19min
Distanse 12,0km
Høydemeter 445m
Kart
Bestigninger Snausstabben (650moh) 16.06.2015
boven_20150624_558b1133bb5d8.jpg
boven_20150624_558b1197c54d0.jpg

Vi parkerte ved bommen. Oljefata som ein annan peakbooker velta i forbannelse ein gong i tida var reiste opp igjen. Vi lalla Vinjar i vogna og trilla innover, bæremeisen på ryggen. Guten slokna kjappt og sov dei 5 kilometerane inn til Snausvatnet. Veien innover er veldig god, det har blitt lagt ned mykje arbeid her siste året sa ein kar vi snakka med. Fint trillever, men når vi kom inn dit kom det sjølvsagt ei byge. Vi tok oss den frihet å søke ly under eit tak ved ei hytte. Kosa oss med mat og kaffi. Byga passerte kjappt og vi lasta guten i bæremeisen. Lett og kort etappe til toppen. Kasse med bok festa til trigpkt, vart signert som vanleg. Ein del besøk på denne toppen. Må no vel for det meste være hyttefolk i området? Såg over til Tifjellet som vi var på kvelden før i utriveleg ver. Returnerte med ein våken gut i vogna, veldig opptatt av sauer og anna rart langs veien. Vidare til Austre Fossdalen og Gråurfjellet.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.