Rindal/Hemne: Ruten, Vardskarfjellet og Nebba (17.06.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point E-39 parkering (230m)
Endpoint E-39 parkering (230m)
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 15min
Distance 13.5km
Vertical meters 1,130m
Map
Ascents Nebba (756m) 17.06.2015
Ruten (1,040m) 17.06.2015
Tverrfjellet (729m) 17.06.2015
boven_20150617_5581cd686e6ca.jpg

Det var ikkje planen å ta denne turen i dag. Men etter ein tlf med Lise når ho stod på toppen gjekk eg med Vinjar og møtte ho oppe i dalen. Vi kom oss avgarde ca 1720 etter middag og diverse leikprega aktivitetar. Ruta opp første 3-400 høgemeterane er eit gjørmete helvete og ikkje noko kjekk å gå. Det kom seg når eg kom opp eit stykke. Det er iallefall umuleg å gå seg bort her, stikkene står tett som hagl. Installasjonar på toppen er aldri noko kjekkt. Gjekk over toppen og tok 300 høgdemeter på skoa ned på austsida. Over dei neste to toppane er det lett og fint terreng å gå i. På Nebba var det bok, Ti på topp 2015. Har korrigert namnet på denne, på kartet heiter den Kammen. Gjekk vestover igjen og bratt ned i dalen. Fulte denne utover til hengebrua der eg kom inn på den lite trivelege stien igjen. Avslutta dagen i bilen med øl og Peakbookoppdatering.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.

Advertisement