Etter tur på Nonsfjellet, middag i bilen og ein liten cowboystrekk var det bedring i versituasjonen. Kl 1800 starta eg på turen. Gjekk nok ein gong gjennom krigssona sør for gardstunet og over ei ny bru. Vidare på svært god og ny(opprusta?) vei oppover Fjellbekkdalen, forbi hyttene og til ca 460 moh. Peila meg inn mellom Snipen og Mikkelfjellet og kom opp til nedre Gravtjønna som enno var dekka av is og snø. Med kartet i handa klarte eg å finne fram til Jørenskarfjellet i skodda. Gjekk vestover mellom vatna til skaret og lett opp ryggen til Skavlen. Fleire vardar rundt toppen. Den eine var eit lad av tynne heller, sikkert nok til eit heilt hyttetak med villskifer. No godt ver med sikt i alle retningar. Vidare vest mot eit bratt bekkefar, ned til vatnet på 542 og ned til veien igjen. Gardsbikkja la seg til utanfor bobilen etter at eg hadde kasta pinnen den kom med 3 gongar. Overnatta på parkeringa og kjøyrde til Halsa neste dag.
User comments
Missing title
Written by ligroenb 19.06.2015 22:28kjempeselfie!!