Busstur til Askøy (20.06.2015)

Written by bakken59 (Kristin Bakken) GSM

Characteristic Hike
Distance 5.4km
Map
Ascents Kolbeinsvarden (231m) 20.06.2015

Supernøgd med dette opplegget: skal på jobboppdrag her i Bergen i morgon tidleg, tok difor eit tidleg fly i dag, kopla meg på ei venninne som har budd her dei siste par åra, men som aldri hadde vore på Askøy. Tok buss nr 484 eller 485 til Steinrusten, men hadde greidd å engasjere fremre del av bussen med venlegsinna innfødde såpss, at sjåføren tok ein ekstra sving etter siste stopp for å setje oss av nett der stigen tok av sørover mot Kolbeinsvarden. Snakk om sørvis! Vi gjekk på t-merkt stig med treklopper over våte parti, og trapper i dei bratte partia opp til toppunktet. Stille og sol og utsyn i alle retningar. Supert! God besøkt topp dette, 20-30 hadde skrive seg inn i boka før oss i dag, og medan vi rasta kom det fire-fem til, to av dei joggande. Vi heldt fram sørover, og gjekk tilbake til Florvåg der vi rakk bussen tilbake til Bergen med tre minutts margin! 1 time og 53 minutt brukt på 5,4 km. Leikny var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.