Jølster/Luster/Sogndal: Grensevarden (28.06.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Fonn (310m)
Endpoint Fonn (310m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 5h 05min
Distance 13.8km
Vertical meters 1,450m
Map
Ascents Grensevarden (1,766m) 28.06.2015
Sørvest for Grensevarden (1,740m) 28.06.2015

Sidan det er vanskeleg å få med folk på skiturar kontakta eg eit sikkert kort, Sunnfjords ivrigaste telemarkkjøyrar Brit Siv Fimland. Ho har 140 toppturar denne sesongen, slett ikkje værst. Ho hadde heldigvis ikkje planar for søndagen, så vi vart eininge om Fonn -> Grensevarden. Avtalen var å møtest på Klakegg og så kjøyre ein bil til Fonn.

Kom oss avgarde frå Fonn ca 0930 i strålande ver. Gjekk etter merking mot Tverrdalen og fulgte sommarråsa mot Gallen. Denne måtte vi gå til 900 moh, men vi blinka oss ut ein spennande nedfart der det såg ut til at vi slapp å ta av skia for vi kom ned i botnen. Det gjekk radig oppover med feitaste plankane i utstyrsboda. Gjekk kortaste tenkelege linje mot Grensevarden, kryssing utan høgdegevinst var ikkje eit tema. Kryssa eit skispor som gjekk sørover. Det kan ha vore samme gjengen Johan og eg såg frå Kjenndalskruna tidlegare i veka. Det hadde etter kvart skya til litt, og vestover såg det svart ut med nedbør. Denne kom heldigvis ikkje innover så lenge vi var på tur. 3,5 timar til toppen, vindstille og fint. Kunne ete nista i t-skjorta på høgste punkt. Starta nedkjøyringa og glei bortom Sogndal sitt høgste punkt. Vidare nedover gjekk det så det grein, kjempeflott nedkjøyring! Holdt oss etterkvart innunder fjellet og fulgte det opplegget vi hadde studert på nedover. Tok av skia på ca 540 moh. Over 1200 høgdemeter nedkjøyring! Tusla ned til Fonn igjen, brukte rett over 5 timar, ein overraskande kjapp tur. Denne ruta til Grensevarden kan anbefalast om ein har fokus på nedkjøyring. Tverrdalen er imidlertid svært rasutsatt så dette bør være seint på sesongen!

User comments

  • -
    avatar

    Gratulerer!

    Written by arntfla 28.06.2015 22:09

    Grensevarden har jeg siklet etter lenge. Det var "sårt" å ligge i telt rett under da jeg gikk Josten på Langs i '07. Men en vakker dag... Så bra at snøforholdene var fine. På Bleia sugde snøen så mye at man måtte bruke begge henda for å løsne skiene fra underlaget ;)

    • -
      avatar

      Sugeføre

      Written by boven 28.06.2015 22:20

      Hehe, det er fint veit du. Slepp å gå med feller. Men litt verre nedover ja. Lugga litt her og der men det var ikkje ille for oss nei. No skal eg lese om Bleiaprosjektet!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.

Advertisement