Det var slutt på godveret men denne skulle vi klare uansett ver. I krysset på Nerland/Lyngstad kunne vi sjå STIKK UT-skiltet i retning skulen. Lyngstadfjellet 2 km. Det kan ikkje være rett, gps viste 2,8 km frå skulen til toppen. Men om det er 2 km til STIKK UT-kassa er det litt nærmare sannheten sidan den av ein eller annan ubegripeleg merkeleg grunn ikkje står på høgste punkt, men på ein liten knolle 6-7 meter lavare. Det er gode parkeringsmuligheter ved skulen. Vi fulgte veien forbi denne og oppover til eit nytt skilt Lyngstadfjellet som peikte mot høgre. Vidare på god sti til topps, først denne kassa på den intetsigande knollen og så eit par hundre meter til høgste punkt. Forferdeleg grisever med vind og litt nedbør gjorde det surt over skoggrensa. Tilbake i bilen vart det middag på Vinjar, og store mengder is til alle 3. Lise og eg slurpa i oss ein ny kopp kaffi, medan junior slurpa på vatnet sitt.
Kommentarer