Gjemnes/Nesset: Vetafjellet (15.07.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Bom Fosterlågvegen (130m)
Endpoint Bom Fosterlågvegen (130m)
Characteristic Hillwalk
Duration 1h 21min
Distance 6.1km
Vertical meters 485m
Map
Ascents Vetafjellet (612m) 15.07.2015

Parkerte på ei lita lomme ved sida av bom og betalingskasse for Fosterlågvegen. Veret var nitrist, så eg tok meg ein cowboystrekk bak i bilen, noko som resulterte i soving altfor lenge. Kom meg avgarde ca 1800 utan at veret var blitt bedre. Det går sjølvsagt å kjøyre oppover denne vegen eit lite stykke til ein parkeringslomme der det står merka Vetafjellet. Dette er ikkje langt, så å betale for det er unødvendig. Turen opp er grei, men no var det søkkvått alle plassar. Det er store stakar som viser vegen heilt opp til masta på toppen. Grautskodde, vind og regn. Kasse med bok som var fullstendig ubrukeleg til å skrive i. Returnerte kjappt til bobilen der det vart fyrt godt og mekka middag.

boven_20150716_55a8165a3792f.jpg

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.