For spesielt interesserte! (19.07.2015)

Written by bakken59 (Kristin Bakken) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 11h 00min
Distance 27.3km
Vertical meters 1,563m
GPS
Ascents Isfjellet (1,375m) 19.07.2015

Litt småstøle etter Ràisaduottarhàldi dagen før, starta vi å gå i Skardalen kl 1100 sundag føremiddag. Vi hadde sett på den mykje stuttare ruta til 500fjell og samanlikna med den inn Skardalen som dei fleste har gått, men med all snøen frå dagen før friskt i minnet, valde vi å følgje fden flotte stigen inn dalen, forbi ei gammetuft, den nedlagte Brattefjell koppargruve og inn til gammen midt i dalen. Dit målte vi 5 km. Der rasta vi og møtte ein lokalkjend kar, Magnar, som hadde dette som sin faste tur. Han hadde vore på Isfjellet fleire gonger, og kalte det ein lang tur, det var det! Inn dalen til den store fossen som kjem frå vatnet Bievlajàvri. Her følgde vi stig til venstre for fossen, svært bratt, men tørr lyngli, vi vann vel eit par hundre høgdemeter opp der. Då vi kom opp til brua over elva, hadde vi gått 8 km og vatnet låg på ca 700 høgdemeter. Så følgde vi sørsida av vatnet inn til enden, der vi rasta ved noko som kanskje var ein ruin. Tre timar hadde vi då brukt, og den første regnbyga hadde vi fått i motbakken opp. Så var det vidare, vottane og luene var komne på, og vi skar innover for å kryssa elva/elvene. Vi kom høgare og høgare opp utan å greie å finne eit krysningspunkt, og til slutt måtte støvlane av. Iskaldt! Nede frå elva såg vi to små reinsflokkar, ein litt lengre opp i dalen og ein høgt oppe i henget i ura vest for elva eller fossen som kjem ned frå Isfjellet. Lengre nede hadde vi sett kongeørnar to gonger. Magnar sa at det tidlegare på sommaren var sett 11 kongeørnar samstundes rundt ein daud sau. Eg må berre seie det som det er, då vi kravla opp den digre ura til venstre for fossen, tenkte eg at dette er verkeleg ein tur for spesielt interesserte. Vi forserte altså ein 300-400 høgdemeter i ustabil steinur, svært bratt, dels kampesteinar, dels mindre steinar som kunne gli. Veit ikkje kor langt tid vi brukte opp den ura, men der Uglefisk skriv at dei forserte ura elegant, trur eg han må meine det ironisk. Vi kraup opp ura, og den kjentest uendeleg. På toppen var vi på 1100, og inn kvelven gjekk vi deilig lett på hard snø. Det var også oppoverbakke, og då vi kom til fast berg (les ur!) var vi på 1200 meter. Så var det altså ny ur ei stund, og deretter ein lang snøbakke før vi endeleg så varden (i tett skylag) der framme. medan vi var på toppen dreiv skyene litt til og frå, så vi skimta utsikten i fleire retningar. Vi nådde toppunktet etter seks timar. I lita bok på toppen hadde seks personar skrive seg inn i sommar, ein Rolf hadde vore med i begge gruppene. Dagen etter møtte vi dattera hans i Husflidutsalet i Birtavarre, og ho fortalde at han hadde gått opp frå Birtavarre langs Okselva, og på den siste turen hadde han starta kl 0800 og vore tilbake kl 0300 dagen etter! No ja, vi gjekk nedover att, i regnvêr må vi leggje til - mesteparten av vegen. Snøkvelven gjekk jo heilt greitt, men ura var grusom! Alle dei ustabile steinane var no glatte pga regnet, og nedturen tok lengre tid enn oppturen, vi kraup meter for meter nedover utan uhell heldigvis. Beina gjekk som på evigheitsmaskiner heile turen tilbake i eigne spor, og vi var ved bilen att kl 2200, 11 timar etter at vi starta. gps-en viste 27,3 km, og 1563 høgdemeter, effektiv tid på gåing: 10 timar. På eitt punkt såg vi vår eigen skugge, les solskin, og det var i snøkvelven på toppen av ura, elles overskya og småregn. Eg trur dette er den mest krevjande turen eg så langt har registrert, Oksskolten oer vel den mest samanliknbare, men etter ei totalvurdering som det heiter, er vel dette noko av det mest slitsame eg har vore med på. Eg var kjempeglad for å gå med stavar, sjølv om dei i den verste klyvinga i ura ikkje var til særleg lette. Trur ruta til 500fjell er mindre krevjande - men då må det vere mindre snø i fjellet. Anne og Eirik var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.