Kjøyrde til Malmefjorden og tok av mot Hol. Ved siste garden leita eg etter folk for å få godkjent parkering osv, men det såg rimeleg fråflytta og dødt ut. Med vanleg bil kan ein sikkert kjøyre til vassverket lenger oppe. No hadde eg uansett ein rundturplan, så då passa det å parkere ved siste garden. Fulgte vei og etterkvart god sti til Holstjørna. Tok av og gjekk ryggen nordautsover til Såta. Her var det eit par veldig bratte kneikar der ein vel må kunne seie det er klyving. Fekk ei sure byge på toppen, noko som gjorde dette til eit av tidenes kortaste toppbesøk. I tillegg var det svart rett nord for meg og lyn og torden herja lenger ute i Fræna. Retur Holstjørna og sti vidare til Frænvarden/Middagsfjellet. Her såg eg turens 2 einaste folk. 2 menn med feminint ganglage. Passerte på trygg avstand. Fulgte stiar vidare over Storfjellet, Nonsfjellet og til Valltua. Storfjellet har 2 akutelle toppunkt som eg var oppom begge, kanskje er det eine ein meter høgare. Så var det dagens usikkerhetsmoment. Frå Valltua til Holssetra. Gjekk austover og ned ei bratt li, kryssa eit par skogsveiar og holdt høgda bortover i skau og kratt. Dette gjekk overraskande bra, brukte ikkje allverden med tid. Går fint om du ikkje er heilt hekta på stiar. Då var Fræna kommune i boks. Feira med eit par boksar på parkering Trollkyrkja, med planar om stor rundtur på blant anna Snøtinden neste dag.
User comments