Andre på Senja i gråvêr (24.07.2015)
Written by bakken59 (Kristin Bakken)
Ascents | Tredjefjellet (898m) | 24.07.2015 |
---|---|---|
Punkt sørøst for Tredjefjellet (890m) | 24.07.2015 |
Etter å ha vakna på teltplassen ved Sifjorden i grått vêr med tendensar til regn, køyrde vi til Kaperdalen og starta på turen i bakken nedover frå toppen. Vi skulle ha køyrt litt lengre ned og starta på blåmerkt stig til høgre for elva som kjem ned frå fjellet i aust. MEn vi kom inn på den merkte løypa litt lengre opp. Vi gjekk inn i tåke etterkvart, og hadde dessverre null sikt frå ca 500 høgdemeter. Veldig greitt å gå, litt snø, ikkje plagsam ut, men grei steingrunn og lyngbakkar lengre nede. Kom opp til toppvarden der det også var nokre buer, og gjekk søraustover for å gps-åeile oss fram til rett punkt for kommunetoppen. Inga markering nedi bakken der, så vi bygde ein liten varde. Så gjekk vi ganske kjapt nedatt etter litt sjokolade og drikke. Fin tur, korkje altfor bratt eller lang eller steinute. Men altså dessverre; null sikt. 8,43 km, 722 høgdemeter, 3 timar og 34 min inkludert pausar. Anne, Eirik, Hallvard og Mathilde var med.
User comments